Føraren av den eine bilen, ein Nissan Primera, Sigfinn Husdal (62) frå Odda, fortalde til Grannar like etter kollisjonen at ein Honda CR-V kom over i feil køyrebane der vegen er på det breiaste like ved innkjørsla til kyrkja.
— Eg kom frå Odda og oppdaga bilen som kom i feil kjørebane. Eg la min bil heilt ut i grøfta, men likevel trefte han min bil, som snurra rundt og stoppa med fronten retning Odda igjen. Ingen av bilane hadde stor fart, rundt 30-40 km/t tippar eg, seier Husdal. Han fortel at sambuaren hans og føraren og passasjeren i den andre bilen, som kom frå ferja, blei sende med ambulanse for legesjekk. Sjølv var han litt mørbanka etter smellen. Både han og publikum, som samla seg rundt ulukkesstaden, meinte det tok for lang tid før ambulanse og politi kom til staden. Tre kvarter er etter deira meining for lenge å venta på ambulanse. Politiet kom til staden over ein time etter smellen. I mellomtida stod dei to bilane meir eller mindre midt i vegbana og kunne lett blitt ei ny trafikkfelle.
Politivakta i Haugesund har ingen kommentar til den relativt lange ventetida.
Front mot front i Skånevik
Føraren av den eine bilen, ein Nissan Primera, Sigfinn Husdal (62) frå Odda, fortalde til […]