Frp og kulturskulen

Tilbodet kulturskulen gjev er eit tilbod som andre lag og organisasjonar ikkje kan gje på […]




Tilbodet kulturskulen gjev er eit tilbod som andre lag og organisasjonar
ikkje kan gje på same måte. I praksis vil forslaget difor medføra at
tilbodet kulturskulen har til over 200 elevar fell heilt vekk og at
mangfaldet i kulturtilbodet til born og unge skrumpar inn. Det er ikkje
slik at alle likar å driva på med det same. Å ha eit variert kultur- og
idrettstilbod der alle born og unge kan finna noko dei har lyst til å
driva med, er svært viktig når det gjeld å skapa eit godt oppvekstmiljø. Å
satsa meir på dette, framfor å redusera pengebruken, er betre politikk i
så måte, men neppe mogeleg akkurat no. At det kostar pengar å ha folk
tilsett, er noko alle arbeidsgjevarar veit. Men nokon må jobba for at
oppgåvene skal verta gjort. Fleire gjennomgangar av organisasjonane og
tenestene i Vindafjord har som i mange kommunar vist at det er vanskeleg å
spara pengar på å effektivisera og kutta kostnadane på den måten. Å driva
ein kulturskule er ei lovpålagt oppgåve kvar kommune har, men det er opp
til den enkelte kommune å bestemma omfang og innhald. Difor kan Frp, om
dei får fleirtal for det, omprioritera desse midlane og bruka dei annleis.
Om det er eit fleirtal for det, er derimot ei anna sak. Terje Halleland
sitt forslag har skapt debatt, og partiet skal ha ros fordi dei viser kva
dei vil prioritera vekk for å få betra økonomien i ein slunken
kommunekasse. Men å kutta midlane til eit så godt tilbod som kulturskulen,
er etter vårt syn feil prioritering. Å framheva ein god kulturskule, samt
eit godt kultur- og idrettstilbod generelt, kan derimot vera eit moment
som kan vera med å dra nye innbyggjarar til kommunen. Det vil igjen skaffa
kjært tilkomne inntekter for kommunen.