FrP-suksess i Rogaland

Om alt går etter planen tek Halleland over som leiar i Rogaland FrP under årsmøtet […]

Om alt går etter planen tek Halleland over som leiar i Rogaland FrP under årsmøtet i Haugesund på laurdag. Med det vil han avløyse Solveig Horne. Ho har vore leiar dei seks siste åra, og gjorde partiet til det største i Rogaland under stortingsvalet i haust. Noko som heldt i massevis til at ho sjølv kunne ta plass i nasjonalforsamlinga vår.
Ein overgang
— Det var sjølvsagt svært gledeleg. Men eg skal samstundes medgje at det har vore ein stor overgang. For ei som har vore van med å styra, og som har svara på spørsmål om det meste i ei årrekkje, vert det litt rart at no skal alt handle om justis. Eit felt eg ikkje kunne noko om på førehand. Til liks med dei fleste andre i komiteen. Faktisk er det berre ein av komitémedlemmene som har fartstid frå justisarbeid på Stortinget, røper den ferske rikspolitikaren. Nyleg hadde ho sitt første møte med eit fengsel.
— Me var på Ullersmo kretsfengsel. Det var slik institusjonslukt i lokala. Ikkje ulikt det eg minnest frå gamleheimen i Etne, der mamma var styrar.
Hamna på Sola
Litt oppklaring må til. Solveig var ikkje meir enn nett ferdig på Enge barne- og ungdomsskule, før ho forsvann ut i verda. Lagnaden ville det slik at ho hamna på Sola, utanfor Stavanger. Der bur ho framleis.
— Ungane Jon Oddvar (15) og Elisabeth (9) bur hjå faren i vekene. Det går fint. Eg slår på tråden kvar einaste dag, seier FrP-kvinna, som sjølv har vore heimeverande i ei årrekkje. Eigentleg er ho utdanna kokk og pølsemakar, og har jobba nokre år som ferskvareansvarleg på ein stor supermarknad. Men mest av alt har det handla om politikk for den blide jenta til Ingebjørg Marie og Jon Tormod Horne.
I ryggmargen
— Ein ting kan eg lova Terje: Han får ikkje ei ny Jan Simonsen-sak. Ikkje noko parti har som FrP drive aktivt med organisasjonsbygging. No har me fått på beina eit apparat som er meir enn kapabelt til å drifta det store partiet me har vorte. Me har vore heldige og har fått veksa jamt og trutt. Eg er heilt sikker på at med Halleland i føringa kjem denne veksten og fine utviklinga til å halda fram. Han er ein stødig kar. Godt likt av alle, og med ein god porsjon humor innabords. I tillegg er han utstyrt med eit stort politisk talent. Han har FrP-politikken i ryggmargen. Det fell naturleg for han å omsetja politiske vyer og programerklæringar til praktisk politikk, skryt 37 år gamle Horne. Den to år eldre Halleland takkar og bukkar for tilliten, men vil gjerne få presisert ein liten detalj:
— Eg er faktisk ikkje valt til fylkesleiar enno. Det skjer i tilfelle først til helga.
Gode medspelarar
Lokalt kjenner nok veldig mange til den joviale driftsleiaren hjå Berge Sag. Han har lenge vore politisk aktiv. Ikkje minst på heimebane. Ein formannskapsplass i Ølen, er no omgjort til eit liknande verv i Vindafjord kommune. Og sidan Ølen først har skifta frå Hordaland til Rogaland, og sidan har slege seg saman med naboane sine, opna det seg eit nytt territorium i sør for den byggmeisterutdanna politikaren.
— Det hadde ikkje vore mogeleg å halda på slik eg gjer utan to svært gode og forståingsfulle støttespelarar i arbeidsgjevaren min, og i kona mi, Doreen. Dei gjer at eg no kan få satsa endå litt meir på den store hobbyen min, politikken, fortel mannen som sjølv er tredje varamann til Rogaland FrP på Stortinget.
Klart størst
— Ser me også deg på Tinget snart?
— Ein skal aldri seia aldri. Eg hadde ikkje ambisjonar om å bli fylkesleiar heller. Meir vil eg ikkje seia om den saka, smiler Halleland, som denne helga kjem til å overta ansvaret i Rogaland FrP. Ein etnebu takkar for seg, og ein ølensbu kjem inn. I eit parti som fekk 26,1 prosent av røystene i Rogaland under stortingsvalet i september.