Frps distriktspolitikk er kutt, kutt og kutt

I vårt politiske arbeid fremjer Senterpartiet sin eigen politikk. Somme gonger er det også naudsynt […]

I vårt politiske arbeid fremjer Senterpartiet sin eigen politikk. Somme gonger er det også naudsynt å åtvara mot andre parti sine løysingar. Frp har hatt stor framgang på meiningsmålingar i sommar, særleg i distrikta. Samstundes er politikken deira særleg øydeleggjande for dei same distrikta.
Senterpartiet meiner den aktive distriktspolitikken er hovudårsaka til at Noreg har lukkast så mykje betre enn grannelanda våre i å oppretthalda næringsliv, busetnad og livskraftige lokalsamfunn i alle delar av landet. Derfor vil vi styrka og vidareutvikla instrumenta for offentleg-privat samarbeid om næringsutvikling, ei fordeling av offentlege midlar som ikkje diskriminerer små samfunn og politisk styring over dei økonomiske verkemidla.
Frp føreslår enorme kutt på ei rekkje område innanfor t.d. forsking, sosialpolitikk, kulturpolitikk og internasjonalt samarbeid – og altså distriktspolitikk. I 2008 løyver regjeringa i alt 2,3 mrd kr til tiltak for næringsretta regional utvikling. Frp kuttar det meste av dette, og let det berre stå att nokre hundre millionar kr. T.d. fjernar partiet kompensasjonen for auka arbeidsgjevaravgift, som er midlar som blir brukt til utbygging av breiband og vegar lokalt.
Landbrukspolitikken er ei ryggrad i mange norske distrikt, og betyr såleis mykje for heile lokalsamfunna, langt utover dei som sjølv driv jorda. Frp vil rasera landbruket slik vi kjenner det, ved å halvera løyvingane frå 2008 til 2009. I tillegg har partiet programfesta at alle reguleringar og overføringar skal bort på litt lenger sikt, og Høgre har allereie omfamna forslaget om å ta vekk brukarmedverknaden gjennom forhandlingsretten og jordbruksoppgjeret. Berre store agro-industrielle bruk der den aller beste landbruksjorda er ville overleva i eit slikt system.
Kommuneøkonomien vil Frp også endra på ein måte som stryper kommunar med lågt folketal. I programmet heiter det at Frp «redusere den statlige økonomiske utjevningen mellom kommunene og basere den på et objektivt, differensiert innbyggertilskudd». Svekka utjamning mellom kommune vil auka forskjellane i tenestetilbod, og øydeleggja det gode tenestetilbodet som er viktigaste grunnen til at mange distriktskommunar har høg trivsel.
Både bygd og by tener på ein sterk distriktspolitikk som hindrar fråflytting, rask sentralisering og press i byområda. Det er på tide å sjå bak oljepengebruken og dei breie smila til Frp – der finst berre frie marknadskrefter og brutale slakteknivar.

Fylkesleiar i Hordaland Sp, Steinulf Tungesvik