Etter intense øvingar den siste tida, var UL Skjoldafjord endeleg klar for revy igjen denne helga.
Ein lokal revy vil naturleg innehalde mest frå nærmiljø, men revyen hadde også innslag som passa for andre enn skjoldabuar. Lattermusklane fekk nok likevel trimma seg mest for dei som har lokal tilknyting. Den nye kommunen var sjølvsagt eit tema i ein revy så tett etter kommunesamanslåinga. I formannskapsmøte, utan kvinnekvoten, var det bl.a. kniving om kven som skulle behalde ordførarkjedet, Bergsvåg eller Håvås, og Oddvar Haugland, morosamt tolka av Harald Eikanger, som kjempa for sentralisering i Imsland. Folkemøte i Sandeid og bruken av Mo skule i Vikedal, var også tema. Skjold Songkor har for tida for få songarar, og formann Norleif Fjeldheim ville halde audition for å få fart på koret igjen. Mange lokale songarar får prøve seg, der bl.a. Birte Barane fekk opp stemninga i salen med sin glimrande imitasjon.
Gode enkeltprestasjonar.
Det er vanskeleg ikkje å nemne Veronika Frøyland og Øyvind Haakull sine skodespelartalent. Haakull fekk fram latterbrøl i salen når han spela Kiwi-sjef Børretzen, og ikkje minst med imitasjonen av tidlegare lærar Torbjørn Espeland. Også kveldens avslutningsinnslag, der Frøyland og Haakull spelte seg sjølve på gamleheim femti år fram i tid, var morosamt og særs godt spela. Revyen hadde fleire flotte songinnslag, og Nina F. Frøyland og Leif Christian Andersen sin versjon av Madrugada og Anne Brun sin slager «Lift me opp», var særs flott. Det er heilt sikkert ikkje siste gong me høyrer Andersen som soloartist, han har ei utruleg flott songstemme, og etter revyen vart han «nedrent» av folk som ville rose han.
I ein revy vil innslag alltid variere litt i korleis dei slår an hos publikum, slik var det også under denne revyen. Men UL Skjoldafjord kan vere godt nøgd med nivået på revyen, og med tanke på at det var fleire som spelte revy for fyrste gong, lovar dette svært godt for revyar i Skjold også i framtida.
Liv Jorunn Frønsdal