Fru Fortuna smilte til GrannKam

Fotball, 4. divisjon menn GrannKam-Torvastad 2-0 (0-0) 1-0 v. Anders Stenberg (55. min.) 2-0 v. […]

Fotball, 4. divisjon menn
GrannKam-Torvastad 2-0 (0-0)
1-0 v. Anders Stenberg (55. min.)
2-0 v. Stian Haugland (88.min.)
Gult kort: Kjetil Tveito, Torvastad
Dommar: Terje Holm, Djerv 1919
Om lag 80 tilskodarar

GrannKam kan sjå oppover på tabellen etter å ha sendt eit uheldig og ineffektivt Torvastad-lag heim frå Ølen stadion med to baklengs og null poeng fredag kveld.
Gjennom heile første omgang pressa Torvastad heimelaget over på defensiven. Karmøylaget kunne tidleg ha leia med eit par mål, men fru Fortuna heldt sine vernande vengjer over dei blåsvarte gjennom heile kampen.

Misbrukte sjansar
Den første misbrukte hundreprosentsjansen for gjestene kom etter sju minutt, etter ein forsvarsmiss hjå heimelaget. Litt seinare forserte Torvastad-spiss Sondre Voll elegant gjennom GrannKam-forsvaret, men då han skulle runda den siste blåsvarte bles dommaren i fløyta. All kontakt mellom dei to spelarane skjedde fleire meter inne i straffefeltet, noko linjedommaren må ha sett. Likevel vart det dømt frispark utanfor sekstenmeteren, og GrannKam berga seg unna.
Halvvegs i omgangen rydda forsvararen Stian Furseth meisterleg opp inne i feltet. Med ei presis takling i aller siste sekund hindra han ei sikker Torvastad-scoring.
Ti minutt før kvilen var det Frank Heggebø sin tur til å vera redningsmann. To bortespelarar hadde finta ut keeperen, men Heggebø greidde å beina bort ballen som var på veg inn i det tomme målet. Heimelaget hadde ein einaste målsjanse før pause, då Anders Stenberg staut hardt rett på keeper etter ein halvtimes spel.
Andre omgang starta som den første, med press mot eit godt og heldig GrannKam-forsvar. Eit møljespel på femmeteren enda med at karmøyspelarene ekspederte ballen opp i tverrliggjaren, frå undersida. I mål ville ballen ikkje.

Lurte off-side-fella
Treverket stod framleis og dirra, då Anders Stenberg lurte off-side-fella på andre sida av banen og sette inn 1-0 for vertane. Stenberg kom nok frå on-side-posisjon, men ein annan GrannKam-spelar, som nærmast hoppa over ballen, stod i off-side. Dommar Terje Holm må ha vurdert det slik at han ikkje var med i spelet. Ikkje alle dommarar ville ha vurdert situasjonen på same måten.
Etter scoringa kom heimelaget meir fram på banen. Både Erik Reistad og Stian Haugland hadde gode avslutningar. Rett før slutt prøvde Sigbjørn Tysvær seg i eit fint angrep. Ballen spratt til Stian Haugland, som fastsette sluttresultatet til 2-0 med eit hardt og kontant skot til side for målmannen.
GrannKam gjennomførte ein brukbar kamp, om dei enn brukte lang tid før dei fann vegen gjennom eit godt Torvastad-forsvar. Bortelaget fortener honnør for god sportsånd, i ein kamp der dei fleste marginane og to viktige dommaravgjersler gjekk dei imot.