Frustrerte over skulekamp

— Eg veit ikkje heilt korleis eg skal sjå på dette utspelet. Det er eit […]

— Eg veit ikkje heilt korleis eg skal sjå på dette utspelet. Det er eit trugsmål, men eg reknar nesten med at politikarane er lojale mot at dei har lova skulefred i den nye kommunen, seier Gro Anita Imsland.
Ho og ektefellen Tore Imsland flytte tilbake til heimbygda hans og bygde hus, i den tru at ungane skulle kunne gå på skule i Imsland.
Den same vurderinga gjorde Anita Øvregard og familien då dei bestemte seg for å vende tilbake.

Tiltakslyst og pågangsmot
Rådmann Helge Thorheim vil spare til saman seks millionar kroner på skulane over to år, og han ber politikarane vurdere skulestrukturen. I praksis betyr det at han inviterer til at politikarane må vurdere framtida for Vik skule, Bjoa skule og Imsland skule som er dei minste av dei ni skulane i Vindafjord.
Gro Anita Imsland og Anita Øvregard viser stolt fram den nye ballbingen ved Imsland skule, saman med Steinar Åsheim og Bente Kjos-Wenjum som er leiar fot foreldreutvalet ved skulen.
Bingen meiner dei er eit godt døme på ei livskraftig bygd som vil skape eit godt oppvekstmiljø.
— Innsatsen foreldreutvalet og bygda har gjor for å få til denne ballbingen, vitnar og tiltakslyst og pågangsmot. Vi blir difor frustrerte av at det stadig blir stilt spørsmål ved framtida til skulen i bygda, seier Steinar Åsheim.

Lettvint løysing
Dei fire påpeikar at mange stemte ja til kommunesamanslåinga fordi det vart sagt at det ville tryggje krinsskulane.
— Kor er det blitt av alle millionane ein skulle spare ved å slå saman to kommunar. Det skulle vere redninga for å kunne ha eit fullverdig og godt oppvekstmiljø i alle bygdene. Det var folkemøte og spørjeundersøkingar om korleis vi ville ha det. Kva var vitsen med det dersom ein vil ta vekk det viktigaste i bygdene våre, meiner Bente Kjos-Wenjum.
— Det er ei alt for lettvint løysing å gå laus på skulane. Ein bør gå gjennom heile organisasjonen for å spare pengar, seier Anita Øvregard.

Alle tapar
Politikarane bør slå fast at bygdene skal ha skulane sine, og at det er ein kostnad ein må akseptere, meiner dei fire.
— Det kostar sikkert meir å drive skulane i Vindafjord enn i ein del andre kommunar. Årsaka er geografien og at ein har prioritert skular i bygdene. Vi må vere villig til å betale for å ha det slik, meiner Steinar Åsheim.
— Skal ein spare pengar på nedlegging betyr det færre lærarårsverk i kommunen. Alle ungane taper på det dersom det blir færre lærarar, seier Bente Kjos-Wenjum.
Dei forstår ikkje at det er mogleg å snakke om vekst og tilflytting i kommunen dersom ein riv grunnlaget vekk i enkelte bygder.
— Det handlar både om skatteinntekter og arbeidsplassar. Folk vil ikkje busette seg her dersom skulen blir vekke, seier Gro Anita Imsland.
Det stadige presset på småskulane er ein slags utmattingsprosess, meiner foreldra. Men dei har ikkje tenkt å gi opp. Til det er skulen for viktig. Ein kan ikkje snakke om levande bygder utan skule, meiner dei.