Fryktar avdelinga forsvinn

— Det tar lang tid å finne ro etter flytting. Fleire her har blitt flytta […]

— Det tar lang tid å finne ro etter flytting. Fleire her har blitt flytta på mange gonger allereie, seier Aalvik oppgitt.
Ikkje berre er ho uroleg for mora, men for alle dei 16 bebuarane på stimuleringsavdelinga ved omsorgssenteret i Ølen. Det er hovudsakleg pasientar med demenssjukdom som bur på denne avdelinga. Flytting av alle i denne gruppa til ei eiga avdeling i Vats er eitt av dei aktuelle forslaga til korleis eldreomsorga skal sjå ut i nye Vindafjord. Saka skal handsamast i fellesnemnda for kommunesamanslåinga på tysdag. Eit hovudføremål er å spesialisere sjukeheimane og leggje til rette for betre fagmiljø, men dette argumentet går ikkje heim hos Aalvik.

Solid avdeling
— Dei har det så bra her, slår ho fast, og skryt av ei solid og velfungerande avdeling.
Ho viser den vide utsikta bebuarane har utover Ølen og Ølensfjorden: Det er kjende omgjevnader, og mange ser heilt heim. Aalvik kan ikkje få sagt tydeleg nok kor mykje ho meiner det betyr for mora hennar, og dei andre bebuarane frå området, at dei har noko kjend å kvile auga på. Ho synst også det er brutalt å flytte gamle og sjuke folk til ein ukjend plass. Saman med Elise Dørheim, ei anna av dei pårørande, har Aalvik starta ein aksjon mot planane til politikarane og administrasjonen som organiserer nye Vindafjord. Med seg på laget har dei resten av dei pårørande ved avdelinga.

Ikkje til å tru
— Me reagerte på at me ikkje hadde fått informasjon. Me høyrde via rykte at bebuarane skulle flyttast til Vats. Me byrja å undersøke kva det innebar. Det er nesten ikkje til å tru at dei vil leggje ned ei ny avdeling og eit nytt kjøkken som har eksistert i berre fire år, seier Elise Dørheim.
Planane om omorganisering, i tillegg til nedlegging av eitt av kjøkkena, enten i Ølen eller Vats, kom overraskande på ho. Ho reagerer på at verken ho eller resten av dei pårørande har blitt informerte direkte om det dei synst er ei svært alvorleg og djuptgripande sak. Både Dørheim og Aalvik er kritiske til at det er nettopp dei med demenssjukdom som ligg an til å bli flytta på.
— Me stiller spørsmål ved om det ligg ein kynisk tanke bak. Om det rett og slett er lettast å ta dei svakaste som ikkje kan protestere, utdjupar Dørheim.

Mister kontakt med kjende
— Ved å flytte bebuarane til Vindafjord, mister dei det dei har ved å bu i sitt nærmiljø. Her stikk det heile tida mange kjende innom, og bebuarane vil også miste kontakten med dei, framhevar dei to initiativtakarane bak pårørandeaksjonen.
Dei legg vekt på at sjukeheimen i Vats ligg langt mindre sentralt til enn den i Ølen, og at det vil gjere det vanskeleg for gamle kjende å stikke innom på den måten dei gjer no.
— Men betyr det ikkje noko at omorganiseringa vil kunne gje eit sterkare fagmiljø?
— Det er ingen som har sagt noko om kvar dei skal finne fagfolk. Vil til dømes folk frå Etne, der fleire av dei tilsette i Ølen kjem frå, reise til Vats for å jobbe, undrar Dørheim.
— Eg føler det er kroner og øre som ligg til grunn. Eg ser ikkje logikken i korleis ein skal kunne spare og oppgradere eldreomsorga samstundes. Me synst dette burde vore handsama breiare politisk, legg ho til.
Bebuarane på stimuleringsavdelinga i Ølen trivst godt, slår dei fast over ettermiddagskaffien. Det gjer også dei pårørande som stadig stikk innom. Dei synst det er under einkvar kritikk å ta dei gamle ut av deira kjende miljø og over i eit framand.