Fryktar for dottera i Israel

Dottera Eva Knutsen (43) har i 20 år budd i Nahariya i Israel. Byen ligg […]

Dottera Eva Knutsen (43) har i 20 år budd i Nahariya i Israel. Byen ligg på grensa til Libanon, og er bokstaveleg talt midt i skotlinja. Heldigvis har Eva og hennar to born, Adi–Endre (16) og Eden (13), klart å evakuere til det sørlege Libanon, der svigerinna hennar er busett. Den som alle fryktar mest for no, er ektemannen til Eva, Avi Mizrasijh, som framleis er heime i Nahariya.
— Det er forferdelig trasig å gå og tenkje på at våre næraste er midt oppe i denne krisen. Eva og familien har billettar heim til Noreg den 3. august, det synest eg er lenge til, og har i det siste prøvd å få dei heim tidlegare. Men det har eg ikkje lukkast med, seier Endre Knutsen.
Fann kjærleiken i Israel
Eva Knutsen reiste på kibbutz i Israel då ho var i byrjinga av 20–åra, og møtte der mannen sin Avi Mizrasijh. Etter opphaldet i Israel, jobba ho eitt år heime i Noreg, før ho returnerte til Israel. Den internasjonale familien budde også tre år i Noreg, men sidan det vart vanskeleg for den gartnar–utdanna Avi å få jobb, gjekk turen attende til Israel.
— Eg tenkjer på dei heile tida. I dag har eg snakka med svigersonen vår to gonger. Eva og borna får me ikkje kontakt med. Heldigvis veit me at dei er nokolunde trygge såpass langt sør i landet. Søstera til Avi bur halvanna times kjøring sør for Jerusalem, seier Anne–Gurine Knutsen.
— No som det er så gale der nede, vonar eg at dei innser at det er best å kome heim til Noreg for godt. Dei skal få overta garden her om dei kjem heim, seier Endre Knutsen.
Både Eva og dei to borna har norsk statsborgarskap.
Ikkje lys i tunnelen
— Ein skulle tru at israelittane, som har opplevd så mykje forferdelig gjennom historia, hadde lært av alt det vonde. I staden er det dei som no terroriserer. Det blir berre djevelskap ut av slikt. Det kjem aldri til å bli ro og harmoni mellom dei landa der nede, seier Endre Knutsen og ristar på hovudet.
Då Eva og familien skaffa seg leilegheit, var det påbode med bomberom i kjellaren.
— Eg tenkjer spesielt på borna som veks opp i eit slikt utrygt miljø, dei har ikkje godt av det, seier han.
Eit flott land
Anne–Gurine og Endre har vore på besøk til familien i Israel fem gonger, og har eit veldig godt inntrykk av landet.
— Det var utruleg mykje flott å sjå. Det er vondt å tenkje på at no blir alt bomba sønder og saman. Det er heilt forferdeleg, seier Anne–Gurine.
— Eg har inntrykk av at det israelske folket er delt i to. Den eine halvparten er fredelege og greie folk, medan den andre halvparten held med regjeringa i deira hjartelause framferd, seier Endre.
Eigentleg var det planen at Endre og Anne–Gurine skulle ha med seg heile familien på 16 personar ned til feriebyen Elat i sør–Israel i desember. Der var det planen at dei skulle feire jul saman med Eva, Avi, Eden og Adi–Endre.
— Eg tvilar sterkt på at det vert noko av den turen no, seier Anne–Gurine.