Fryktar nytt skulekutt

Svanæs er ikkje ueining i at skulane i Vindafjord brukar meir på spesialundervisning enn mange […]

Svanæs er ikkje ueining i at skulane i Vindafjord brukar meir på spesialundervisning enn mange andre kommunar. Han meiner derimot at det er feil å ta dette kuttet over bordet utan å vurdere om det er behov for å styrke andre delar av innsatsen i skulane.
Han vil heller ha omdisponering av pengane enn kutt.

Under middels
— Eg trur politikarane ser seg blinde på denne potten som går til spesialundervisning, og dermed trur at det er utan konsekvensar å kutte. Vi meiner det er nødvendig å styrke den tilpassa undervisninga generelt i skulen dersom ein skal bruke mindre på spesialundervisning, seier Thorleif Svanæs.
Han viser til at grunnskulen i Vindafjord ikkje har mange timar å rutte med, og at denne delen bør styrkast dersom ein reduserer på spesialundervisning.
— Vi er under midten i bruk av vanlege lærartimar. Skal ein få til tilpassa undervisning for elevane, og samstundes kutte i spesialundervisning, er dette ikkje godt nok, seier han.
I følgje Svanæs viser statistikkbanken for grunnskulen at talet på lærartimar går ned med seks prosent inneverande skuleår. I følgje Vindafjord kommune sine eigne tal, blir det kutta 1.35 millionar kroner i 2006.

Boomerang ved kutt
— Vi snakkar om eit ytterlegare kutt på 1,5 millionar i 2007, og 1,5 millionar kroner i 2008, slik budsjetta ligg an no. Dette får betydning for undervisninga og innhaldet i skulen, seier Svanæs.
Det er politikarane som har blinka ut spesialundervisning som kuttområde i 2007.
— Dette liknar på saldering. Omlegging bør skje som følgje av ein prosess der ein vurderer heilskapen dersom ein skal bruke pengane meir effektivt, eller spare. Kutt i spesialundervisning kan kome tilbake som ein boomerang dersom ein ikkje styrkar den tilpassa undervisninga, meiner han.

PPT lite eigna
Han meiner det er lite realistisk å spare i første halvår. Skal kuttet skje etter skulestart til hausten, vil 1,5 millionar kroner bety å redusere med 6-7 lærarstillingar.
Han stiller seg tvilande til forslaget om å overføre ressursar frå PPT-kontoret, slik politikarane ber rådmannen om å vurdere. Han viser til at PPT er ei lovpålagd oppgåve for kommunane for mellom anna å utføre sakkunnig vurderingar. Han trur fagmiljøet vil smuldre opp dersom kutt blir realisert.
Det er ei vurdering stabsrådgjevar for skule i Vindafjord, Per Ivar Ertresvåg, langt på veg deler. Det trur han ikkje vil fungere. Han stadfestar også at Vindafjord ligg høgt på spesialtimar, men under middels i ordinære timar.
— Dersom politikarane vedtar kutt er det min jobb å få dette til i samarbeid med skulane. Men korleis vi skal få det til, har eg ikkje tenkt på enno, seier Ertresvåg.
Kommunestyret skal i morgon ta stilling til dette kuttforslaget frå formannskapet i budsjettet for 2007.