Fryktar tolltak i WTO

Bjoa-bonden, som var politisk rådgjevar for landbruksminister Kåre Gjønnes, følgjer spent med på forhandlingane frå […]

Bjoa-bonden, som var politisk rådgjevar for landbruksminister Kåre Gjønnes, følgjer spent med på forhandlingane frå dag til dag.
Etter eit år med lite nytt, spratt WTO rett til topps på den politiske dagsorden for ei veke sidan. Dåverande landbruksminister Lars Sponheim kom med nyhende som skræmde norske bønder, og fekk fram krigstypane i Nationen. Sp-dronning Åslaug Haga støtta først den utgåande regjeringa sin forhandlingsstrategi, men ho ombestemte seg få timar etterpå.
Regjeringa som overtek i dag, kan ikkje bruka tid på å diskutera strategi i WTO-forhandlingane. Denne veka har forhandlingsdelegasjonane fullpakka program, og tida er knapp fram til avtaletekstane skal vera klare.

Stor fallhøgde
I WTO-samanheng vert ulike støtteordningar målte og kategoriserte etter i kor stor grad dei er handelsvridande. For å kunna verna norsk landbruk, er det viktig å få støtteordningar definerte som ikkje handelsvridande, såkalla grøn støtte. Slike støtteordningar kan nemleg halda fram.
— Det er stor fallhøgde for Noreg i WTO-forhandlingane, poengterte Gunnar Dalen, som torsdag gav eit foredrag om situasjonen for tilsette og kundar i Haugesund Sparebank.
Dette forklarer Dalen med at Noreg kom veldig heldig ut av forrige WTO-runde. Då vart ein kategori for lite handelsvridande støtte oppfunnen, og denne passa svært godt for Noreg. I fjor sommar slutta Noreg seg til at denne blå støtta skal reduserast kraftig. Litt forenkla sagt, må ho omdefinerast til lovleg grøn støtte, eller avviklast.
Den norske skjermingsstøtta er definert som sterkt handelsvridande, og går ei uviss framtid i møte.
— Ved skjermingsstøtta sit Noreg i eit klister som ingen andre sit i. Det er råd å angripa det tollregimet me har i dag. Me har ikkje den marknadstilgangen me har forplikta oss på overfor WTO, forklarte Dalen.

Lite sympati
Noreg forhandlar i ei 10-landsgruppe, som har vanskeleg for å byggja alliansar i forhandlingar. Mange er blant verdas rikaste land, og gjev høg støtte til eige landbruk. Dei fokuserer på retten til eigen matproduksjon, samstundes som dei er nettoimportørar av matvarer.
— Me er ufordrageleg rike, og det må me forstå når me er ute i verda. Ingen synest så veldig synd i oss, poengterte Dalen i foredraget sitt.
Den eventuelle nyordninga som vil vera mest kritisk for norske bønder, er etter hans vurdering om det skulle koma ein maksimum tollsats på importerte landbruksvarer. I dag er importtollen inn til Noreg på meir enn 300 prosent for mange kjøtvarer. Nokre kyllingprodukt har over 600 prosent. Tenkjer ein seg eit tolltak på til dømes 200 prosent, skjønar ein lett at norske kjøtvarer vert utkonkurrerte på pris på heimemarknaden.
— Galluperande løns- og kostnadsvekst elles i samfunnet er gift for landbruket, åtvara Dalen, som elles trur at det er politisk vilje til å leggja til rette for norsk landbruk også i framtida.
— Dersom me ikkje vert kjørte i grøfta med eit tolltak, så er det avhengig av politisk vilje korleis me klarer oss, avslutta Gunnar Dalen.