Fryktar ulukke med dyr

Trafikken susar forbi på den nye Europavegen. Både geit, sau og storfe har forvilla seg […]

Trafikken susar forbi på den nye Europavegen. Både geit, sau og storfe har forvilla seg ut i vegbana og mista livet mot hardt metall. — Det er høg fart og stor trafikk. Når dyr kjem ut i vegbana er det stor sjanse for at det kan skje ei alvorleg ulukke der menneskeliv går tapt. Ein ting er motorsyklistar, men det kan lett oppstå farlege situasjonar med bilar også. Det er tilfeldig at påkøyrslene ikkje har ført til noko alvorleg. Det er livsfarleg, seier Magne Sævareid.

Fungerer ikkje
Sævareid har både sau og geit oppe i lia og på fjellet, og han har mista fleire dyr som har forvilla seg ut i trafikken. Problemet er ei strekning på Kyrping der nye E134 kryssar gamlevegen og dei går parallelt eit lite stykke. Det er mindre enn eit par meter avstand mellom dei der avstanden er kortast. Problemet er at verken ferista eller gjerda som Vegvesenet har sett opp fungerer som dei skal, og tiltaka som skal skilje dyr og trafikk har svake punkt. I følgje Sævareid er det ein avtale mellom grunneigarane og Statens vegvesen at sistnemnde skulle setje opp gjerde og hindre dyra å kome seg inn i trafikken. Sævareid prøvde gjennom heile sommaren i fjor å få kontakt med nokon i Statens vegvesen som kunne ta fatt i problemet, men utan å lukkast.

Går ut over trafikantane
— Eg har rett og slett ikkje nådd fram til nokon som vil ta ansvar. Det er frustrerande. Men dette er ei sak som ikkje berre vedgår meg som grunneigar og eigar av husdyra. Det handlar om trafikantane sin tryggleik, seier Sævareid. — Mykje hadde vore gjort dersom ferista fungerte. Dyra går over utan problem, men med ei enkel straummatte ville dette vore løyst, seier han. Det har aldri vore gjerde mellom utmarksbeitet og gamlevegen i denne delen av Åkrafjorden. På den gamle og smale vegen var det ikkje noko problem sidan bilistane måtte køyre seint for å unngå smell med andre køyretøy rundt neste sving. — Med den nye standaren må ein skilje dyr og trafikk. Bilane susar forbi både i 90 og 100 kilometer. At dyra kjem ut i trafikken er ikkje noko Vegvesenet kan leve med, seier Sævareid. Han sette opp grind på ferista, men den vart fjerna. Gamlevegen er open for fri ferdsel. Statens vegvesen godtar ikkje grind på ferista fordi gamlevegen er ein del av E134.