Fryktlaus friskus

Med bil tar turen frå Utåker til Ølensvåg halvannan time, men med den 16 fot […]

Med bil tar turen frå Utåker til Ølensvåg halvannan time, men med den 16 fot store skjærgårdsjeepen sin er Per Ølfarnes over fjorden på 25 minutt på fine dagar. Bilen blir berre brukt når vêret er for ille.
— Då blir det langt. Eg kjørte cirka ei veke totalt i vinter, seier Ølfarnes, som naturleg nok er flittig til å følgja med på vêrmeldingane om vinteren.
44-åringen frå Utåker byrja å jobba ved Lundaneset vidaregåande skule i Ølensvåg for eitt år sidan. Før det hadde han jobba sju år ved SMV i Skånevik. Turen frå Utåker til Skånevik tok berre fem minutt med båten, og då han skifta arbeidsstad, heldt han fram med båtpendlinga.
— Viss eg skulle kjørt bil, måtte eg nesten ha vekependla. Når det er dårleg vêr sånn innimellom går det an å kjøra, seier Ølfarnes.

Mørbanka
— Om vinteren er det mørkt, men om sommaren er det ei festreis. Då kikar eg på fuglelivet, niser og alt det andre som rører seg, seier han.
Dårleg vêr, vind og bølgjer er noko av problemstillingane friskusen Ølfarnes kan møta på veg til jobb.
— Og så er det dette med is inni fjorden. Det har vore ganske mykje is, men den har ikkje vore så tjukk. Eg har kjøpt meg aluminiumsbåt for å vera rusta mot slike ting, seier Ølfarnes, som er utdanna sivilagronom i tekniske fag og underviser nå i realfag.
— Eg er litt mørbanka når det er dårleg vêr, får litt juling då. Ein må liksom ha ein viss fart for å komma fram, seier han.
Det han fryktar mest når han ferdast på sjøen og det er mørkt, er at det skal ligga noko i sjøen som han ikkje ser, men så langt har det gått bra. Når skodda blir tett må GPS-en fram, og varme- og flytedressen er også fast utstyr.

Oppvaksen i fjøra
Reaksjonane har ikkje late venta på seg frå kollegaer om den daglege båtferda.
— Det er vel ikkje alle som hadde gjort det. Ein skal jo vera litt van med sjøen for å setja i gang med slikt, seier han.
Ølfarnes er så og seia oppvaksen i fjøresteinane på Utåker, og trivest blant øyane og fjordane i Sunnhordland.
— Ein får flotte naturopplevingar. Spesielt når ein får soloppgangen med. Då er det mykje vakkert å sjå, seier han.
Når Ølfarnes nå går inn i ferien, blir det truleg ikkje mindre båtliv.
— Eg trivest godt på sjøen. Det blir litt fisking og bading om sommaren, seier han.