Dagleg leiar og medeigar Audun Stene (33) tenkjer nytt og stort for det ti år gamle hotellkonseptet i Etne.
— Me ønskjer å utvide Fugl Fønix-kjeda til heile landet. Primært på bygdene, sidan konseptet er at Fønix skal vere eit bygdehotell. I løpet av dei komande elleve åra ønskjer me å inngå i såkalla franchisesamarbeid med andre hotell. I praksis betyr det at hotell betaler ei franchiseavgift for å vere ein del av Fønix-kjeda, seier Audun Stene.
Lofoten, Narvik og Voss
Hotellsjefen har allereie fått rundt 15 førespurnadar på hotell som ønskjer å vere ein del av dette samarbeidet. Mellom anna har Lofoten, Narvik og Voss meldt si interesse. For at Fugl Fønix Hotel AS skal vere interessert i eit samarbeid, må det vere minst 5.000 innbyggarar i kjernen rundt hotellet, og 25.000 – 30.000 i regionen rundt.
Dette er nokre av dei strategiske punkta i den ambisiøse og spennande utvidingsplanen.
— Me ønskjer at folk på bygda skal ha noko av det same tilbodet som i byane. Då me starta Fugl Fønix Hotel AS i 1999 ønskte me å køyre vårt eige konsept med konsertar, kunst spesiell mat. Hotellet skulle ha noko meir å tilby enn berre overnatting og mat.
Frå dagen Fønix opna dørene, har me lagt vekt på lokalbefolkninga, og at dei skal ha eit godt tilbod, ikkje berre tilfeldig forbipasserande og hotellgjester. Me vil vera eit naturleg samlingspunkt på bygda, seier han.
Innovasjon Norge
I fjor hadde Fugl Fønix Hotell AS ein omsetning på 7,5 millionar kroner, og eit overskot før skatt på rundt ein halv million. Også dei to føregåande åra har driftsselskapet hatt plussresultat i same storleik.
Ifølgje hotellsjefen går Fønix inn i sitt største prosjekt så langt.
Med tida ønskjer hotellet også å utvida Fønix-kjeda til Skandinavia og Europa, men i første omgang er det Noreg dei tar føre seg. I løpet av ein treårsperiode tar hotellet sikte på å selja seg inn i mest mogleg hotell, situert i heile Noregs land.
— Me skal i møte med Innovasjon Noreg i slutten av januar for å diskutera desse planane, seier Steine, som ser det som viktig å beskytte Fønix-namnet fortast mogleg.
Han understrekar at det er trong for ny eigarkapital, kompetanse og ressursar for å realisere franchisesamarbeid.
— Om prosjektet går etter planen, kan me rekne med ein årleg omsetning på ein kvart milliard kroner i 2020, seier hotellsjefen.