Fugleelskar utanom det vanlege

To papegøyar av arten blåpanna amazon er også opptatt av ringjelyd, i alle fall naboen […]

To papegøyar av arten blåpanna amazon er også opptatt av ringjelyd, i alle fall naboen sin tone, og dei plystrar telefonlyd stadig vekk. Dei to skrikhalsane plystrar også etter folk på vegen, og dei gjer ingen forskjell om det er mann eller kvinne.
— Det er eg som får skulda, og det er fleire enn ei dame som trur det er eg som tullar, fortel Geir Vårvik.
Dei to papegøyane kjeftar og smell i eitt sett. Hoa har kjærleikssorg etter å ha mista den forrige maken sin. Den nye hannen prøver å flørte det han er god for, men han får berre kjeft og hakking tilbake.
— Ho har ikkje vore seg sjølv etter utskiftinga, og eg er litt skeptisk til om det blir eit par av desse to.

Fuglepark
Tre innhegningar skaper ei viss nyfikne hos alle som passerer hagen til familien Vårvik i Vikebygd. Bak netting og fiskenøter skjuler det seg ender, fasanar, undulatar, papegøyar og ei avdeling for ein spesiell type rasehøns. Det er snakk om godt over hundre fuglar.
Det er ein ikkje så liten fuglepark. I tillegg til å gi fuglane mat og stell, har Vårvik lagt ned mykje arbeid med dammar, murar og buplassar for fuglane.
— Dette er hobbyen min. Det ligg utruleg mange timar bak, men ein tel ikkje timar når det er kjekt. Tidlegare dreiv eg med motorsykkel, men det er meir spennande å bruke pengar på fuglar, seier glasmeisteren.
I fjor kjøpte han fuglemjøl for 22.000 kroner, og no skal han snart til Danmark for å hente ei ny last.

Sjeldne ender
Det er mange snodige fuglar som spankulerer rundt i manesjen innanfor nettingen. Dei likar ikkje å få for mykje merksemd og føler seg lett pressa. Aslaug Vårvik (8) tar fuglemat i begge hendene og vil at undulatane skal kle armane hennar slik dei pleier. Men med ein fotograf i nærleiken, blir dei sitjande på vagl oppe i treet.
Ti forskjellige rasar ender vaggar rundt for å finne den akkurat passe avstanden til inntrengaren.
— Endene er frå dei ganske vanlege til dei sjeldne. Eg starta med moskusender som er ganske vanlege. Maori og mandarinand er meir sjeldne, forklarer han.
Vengene til fuglane blir klipte, og det er difor ikkje så store sjansar for at dei skal stikke av. Men svoltne kråker, skjærer og måker gjorde det nødvendig å leggje not over parken.

Stas om våren
Fuglane i Vikebygd er blitt ein liten attraksjon, og det er ein del nysgjerrige som stoppar opp for å sjå på fuglane. Spesielt om sommaren når det er mange feriegjester i bygda.
Vårvik skal lage litt fleire skjul og stenge meir av for innsyn slik at ikkje fuglane blir stressa av at dei føler seg pressa frå fleire kantar. Han må ta omsyn til trivnaden til fuglane.
Fugleeigaren synst det er mest stas om våren når det blir klekka ut kyllingar både her og der. Då er det liv i dammen.
— Det er viktig at fuglane finn reir dei er nøgde med. Ein kan ikkje gi fuglen ein plass og ferdig med det. Ein må ha fleire alternativ, gjerne tre, slik at fuglen finn det reiret som passar ho. Det er fleire av endene som rugar i kassar, og når kyllingane kjem ut, dett dei ned i dammen eller på graset. Det er liksom det som skal til for at dei vaknar til live.

Avl viktig
Ein av dei største utfordringane fugleeigarar har, er innavl. Blodsbandet i dei enkelte rasane blir ofte litt for tjukt etter ei stund. Og det er ikkje alltid like lett å skaffe friskt blod.
— Når vi snakkar om sjeldne rasar, så er det heller ikkje sikkert at det hjelper å reise til Danmark for å fornye i fugleflokken. For den del kan det vere bestefaren ein får med seg heim igjen, seier Vårvik.
Han har svarte og kvite orpington i hønsegarden. Der har han klart å avle fram ei stamme med nytt blod. I neste omgang blir det andre som får nytte av dette arbeidet når han får kyllingar å selje.
— Når det blir for mykje innavl, blir kyllingane veldig svake og stadig færre vil overleve.

Klarer vinteren
Etterspurde og sjeldne fuglar er ikkje billige i innkjøp. Ein gullfasan kostar rundt 20.000 kroner. Men det er langt over det Vårvik har spandert.
Det er ikkje ofte ein ser 30-40 undulatar som er ute og flyg i februar.
— Fuglane har klart vinteren veldig bra. Eg blir litt redd når det kjem ned i ti minus, spesielt dersom det er trekk og vind. Då er det viktig at dei har plassar å gå i skjul og få litt vern. Difor skal eg byggje fleire hus dei kan trekkje inn i, seier Geir Vårvik.
Det er fem år sidan at kjøpte dei første endene. Høns har han alltid hatt.