Full fart i Vindafjordhallen

— Klatreveggen har vore svært populær etter at den kom på plass i starten på […]

— Klatreveggen har vore svært populær etter at den kom på plass i starten på desember, seier badevakt May Britt Vestre (19) frå Vats.
Veggen er to meter høg og 3,5 meter brei. Den har ulike vanskeleg-gradar, og er for dei over åtte år.
— Den er veldig bra for ungar og yngre ungdom. For vaksne er det om lag to steg og så er ein oppe, seier ho.
Ørjan Heggebø (14) og Roy Andre Hosås (14) frå Ølen var to av dei som stod for det høge aktivitetsnivået rundt veggen.
— Det som er kjekkast er å hoppe uti att når ein har klatra til toppen, seier dei.

Lokkar med Sicilia
Det myldra med badande i bassenget, både på familiebadinga og på vaksenbadinga litt seinare på kvelden. Tysdag var startskotet for symjekonkurransen «Svøm deg til Sicilia». Dersom ein sym 10 000 meter innan 31. mars, er ein med i trekninga om ein tur for to til den italienske turistmagneten Sicilia. Den landsomfattande konkurransen er delt inn i to klassar. Dei som er over 13 år må symje 10 000 meter, medan dei under 13 år må leggje 2 500 meter bak seg i vatnet.
Då trettenåringen Stine Therese Wollertsen fekk høyre dette syntest ho det blir litt urettferdig at systera på elleve deltek i konkurransen ved å symje ein fjerdepart, men satsar likevel. Slik er det å bli vaksen.
— Me skal i alle fall prøve, men det er ikkje sikkert at me klarer det altså, seier Stine Therese Wollertsen (13), Inger Louise Jøtne (11) og Tove Kristin Wollertsen (11).

God trening
Forutan dei landsomfattande premiane, som er tur til Sicilia og fleire gåvekort på reiser innan Norden, har Vindafjordhallen også premiar som dei har skaffa sjølv. Dei som kjem i mål med 10 000 meter er med i trekninga om eit gåvekort på 1.000 kroner på samvirkelaget og 300 kroner i bensin pluss bilvask ved Knapphus bensinstasjon. Tredjepremien er komlemiddag for to i Vindafjordhallen. I barneklassen lokkar dei med eit klippekort i bassenget, symjebriller og snacks frå kiosken i premie. For dei som undrar om 10 000 meter er overkomeleg, kan det vere ei opplysning at det som skal til er 400 lengder på 25 meter før utgangen av mars. Med tanke på at ein har to og ein halv månad på seg, bør dette vere overkomeleg for alle og einkvar. Forutan god trening, kan det jo hende at du står att som vinnaren av ein tur til Sicilia!