Barnehagen flytta ut for to månader sidan, og no står tre etasjar med tomme lokale i Litlehagen og ventar på at ungdom mellom 13 og 18 år skal rykkje inn.
Går dugnaden unna er målet å opne Public ungdomshus etter påskeferien.
Glad for møteplass
Husstyret i Public er ikkje i tvil om at huset vil bli ettertrakta for ungdom i Ølen.
— Endeleg blir det noko for ungdom i Ølen, det er fleire år sidan vi har hatt eit tilbod utanom å spele fotball og volleyball. Huset blir ein samlingsstad for ungdom, meiner Aleksander Lien (21), medlem i husstyret.
— Ungdomsklubben har vore i garderoben i samfunnshuset, og det var ikkje akkurat noko særleg bra. Alle er glade for at vi får dette huset, og eg trur det blir færre som hengjer på Shell eller andre stader når Public opnar, fortel Ida Johanne Heggen (14), også medlem i husstyret.
Dei har med seg Sondre Nordtveit, Evelyn Veim, Ingvald Christopher Heggen, Anita Ø. Bitnes, Nina Leknes, Karoline Taraldsøy og Bente Kleppe i husstyret. Dei tre siste går på foreldrekvoten og Ølen ungdomslag.
Mekkeverkstad
Ein slagplan er lagt for korleis huset skal fungere, men den er ikkje fastare enn at styret er ope for innspel.
— Vi skal mellom anna ha kafé, biljard og mekkeverkstad i kjellaren. Fleire ting vil kome til etter kvart. Det er opp til oss og ungdommane, forklarer Sondre Nordtveit.
I tillegg står også data og internett på blokka, saman med musikk og film. Kurs og temakveldar er også aktuelt. Under overtakinga av huset konkluderte Bente Kleppe i Ølen ungdomslag med at det berre er fantasien som set grenser for kva dei kan få til.
Det blir også fredagsdiskotek frå ungdomsskulen og oppover til 18 år. I starten blir ungdomshuset ope eit par kveldar i veka.
Får belønning
— Målet er å ha ope så ofte som mogleg i vekene. Det blir opp til husstyret og foreldra. Det må alltid vere vaksne til stades og vi må få på plass vaktlister, seier Aleksander Lien.
Husstyret fekk overrekt nøklane til huset av ordførar Arne Bergsvåg under ei lita markering i huset på måndag. Han hadde også med seg 40.000 kroner frå potten han lova ungdommane i Ølen dersom det var lite eller ingen herverk i sentrum med ukjend gjerningsperson. Utgangspunktet var 50.000 kroner, men ein del episodar reduserte beløpet med 10.000 kroner.
Denne gulrota har Bergsvåg lagt ut for 2005 også. Elevråda ved Ølen skule og Ølen vidaregåande skule var samde i at dei herverkfrie pengane frå 2004 skal gå til ungdomshuset.
Ungdomslaget drivkraft
Som fast bidrag går kommunen inn med 75.000 kroner i året til drift. I følgje husstyret er det ikkje så mykje som det høyrest ut til dersom rundt halvparten går til straumutgifter.
I utgangspunktet er det gratis å gå på ungdommens hus, men det blir truleg innført ei frivillig fast medlemsavgift som gir fri inngang på betalte arrangement. Både kafé og diskotek skal vere med å finansiere drifta, pluss utleige av lokale.
Ølen ungdomslag har avtale med Ølen kommune om drift av fritidsklubben.
Full gass for ungdomshus
Barnehagen flytta ut for to månader sidan, og no står tre etasjar med tomme lokale […]