Full privatisering i Ølen

Eg kan gå med på konkurranseutsetjing som er det same som anbud, som er eit […]

Eg kan gå med på konkurranseutsetjing som er det same som anbud, som er eit gamalt prinsipp. Ingen må tru at Trygge Barnhager ikkje gjer det for å tene pengar.
Eigentleg var det Gro som starta privatiseringa og Jagland fylgde opp. Nå har Jens snudd denne trenden og går inn for ein meir sosialistisk politikk. Jens vil ikkje selja kraftselskapa våre som er sjølve arvesølvet vårt. Telenor, Posten, NSB, Hydro, Statkraft, og mange andre selskap er blitt privatiserte, eller delprivatisert, og vi ser jo alle resultatet.
Også gamle Høyrefolk som Kåre Willoch og høyrepolitikaren Dagfinn Thorstveit i Vindafjord, protesterer mot denne politikken. Dei ser alle som har gangsyn at bygde-Noreg forsvinn og at alt skal skje i byane og store bygdesentra.

Ole Stene