Vats 94 tjuvstarta med bortekampen sin mot Sveio i går kveld. I morgon reiser naboklubben Skjoldar til Karmøy for å møta Ferkingstad.
Bjoa, som i realiteten er eit felleslag for Bjoa og Vikebygd, reiser også til Karmøy. Dei startar opp måndag, med bortekamp mot Vedavåg2.
I sjette divisjon, som er lågaste trinnet i Rogaland Fotballkrets, er det ingen lokale representantar dette året. Det er det derimot i 4.divisjon, som starta opp sesongen for ei veke sidan.
GrannKam imponerte
GrannKam Vindafjord toppar tabellen etter ein serieomgang, etter den imponerande 4-0-sigeren borte mot Kolnes. Laget spelar sin første heimekamp med nytt namn i Ølen laurdag ettermiddag. Då kjem Skudenes på besøk.
Etne spelar i Idrettsparken i Egersund laurdag, mot Eiger. Dei har eitt poeng med seg frå heimekampen mot Djern 1919.
Full rulle med fotballstart
Vats 94 tjuvstarta med bortekampen sin mot Sveio i går kveld. I morgon reiser naboklubben […]