Forpleiingssjef Tom Jøran Johnsen fortel at det sidan april i år har vore nødvendig å plassere arbeidsfolk utanom brakkeleiren ved verftet i Ølensvåg. I dag leiger Westcon overnatting til 140 personar i Skånevik, Etne, Ølen, Vikedal og Tysvær. Desse blir transporterte i bussar og drosjer til og frå arbeidsplassen. Klokka fem om morgonen er bilane klare til å hente, slik at arbeidarane er framme i kantina rundt klokka halv sju. Frukosten blir servert frå klokka halv seks til klokka halv ni.
Johnsen seier at det er ekstra travelt når både skiftet som går av og skiftet som går på, skal ha mat på same tid.
Neste måltid er lunsj frå klokka 12 til 13. Middag blir servert frå klokka 15 til 20.
Over 1200 måltid per dag
I den travlaste tida blir det i kantina ved Westcon laga rundt 1200 måltid per døger. Det er unødvendig å spørje om grytene er store, men Johnsen opplyser at til ein middag med kjøt, blir det brukt rundt 200 kilo reint kjøt.
Dagleg får nå rundt 420 personar servert tre måltid mat. Ved sida av dette har også kantina eige cateringfirma. Oppdraga her aukar etter kvart.
Johnsen er glad for tilbakemeldingar om at maten deira er god.
Rundt 40 personar er i dag tilsette i kantine og reinhald. Pluss at Industrivask Haugaland har ein del oppdrag. Sjølv har Tom Jøran Johnsen snart vore tilsett i 10 år.
— Men fleire har vore her lenger. Arbeidsplassen har vore trygg, og det ser bra ut framover, seier han. Han fortel at det er mange husmødrer frå distriktet som jobbar i kantina.
— Fleire av desse er interesserte i deltid, og det er greitt for oss. Dei er veldig fleksible, seier han. På kveldstid har mange skuleungdommar arbeid med mellom anna oppvask.
Johnsen fortel at kjøkenet skal byggjast ut. Slike ting er det Westcon som kostar, og han er glad for at firmaet investerer i kantina.
Store oppdrag
Fleire store oppdrag er under arbeid ved Westcon. Blant anna riggane «Transocean» og «Safe Caledonia». Arbeidet med «Safe Caledonia» nærmar seg slutten, og då vil det bli slutt på å ha folk buande på bygda frå starten av juli, opplyser Johnsen.
— Men frå september/oktober kjem det igjen inn ein stor rigg. Då kan det igjen bli nødvendig å leige rom ute, seier Johnsen. Han opplyser dessutan at det skal byggjast to nye brakker med 88 rom. Desse skal stå ferdige i september/oktober, og vil hjelpe godt på kapasiteten.
— Det er ein klar fordel å ha arbeidarane buande her. Det er slitsamt både for dei og oss å ha dei buande utanom området, seier han.
Internasjonalt miljø
Ved Westcon arbeider folk frå mange nasjonalitetar. Kvalitet- og HMS-leiar Gunnar Hustvedt fortel at han har rekna ut at det til tider er 15 – 20 nasjonalitetar samla ved verftet. Mange av desse snakkar berre sitt eige språk, eller engelsk.
— Dette gjer at vi må bruke tolkar når vi arrangerer tryggleikskurs. Elles er det krav om at firma må stille med folk som kan forstå oss. Det er nødvendig at iallfall ein i ei gruppe kan engelsk, seier han.
Full rulle med internasjonalt miljø
Forpleiingssjef Tom Jøran Johnsen fortel at det sidan april i år har vore nødvendig å […]