Med fullt av ungar i leik og idrett på grasbanen i Ølen, storkoste alle seg då Heggjoløpet blei avslutta laurdag. Heilt sidan tidleg på 80-talet har Heggjoløpet vore arrangert, men berre tre gonger på grasbanen.
— Det har blitt for trafikkfarleg å arrangere det på den tradisjonelle plassen Heggjo, så me har flytta løpet hit, seier Anne Karin Nøkland Berge, leiar for arrangementet.
Ho har ikkje ungar sjølv, men tok likevel initiativ til å halda ved like tradisjonen med Heggjoløpet då det ikkje var andre som tok på seg oppgåva dette året.
— Det skulle eigentleg vore arrangert i fjor også, men det blei aldri noko av då ingen tok på seg ansvaret, seier ho.
Dei fleste ungane som var på plass i sola på laurdag kom frå Ølen og Ølensvåg.
— Men her er det ope for alle, så me hadde sett stor pris på om det kom ungar frå andre bygder også, seier ho.
Det var først aktivitetar med ballkasting og lengdehopp i alle årsklassane, og til slutt sjølve løpet som gjekk i området ved grasbanen.
— Her er alle ungane vinnarar, og alle stiller likt. Alle får lov å delta, og alle får gullmedalje, seier Nøkland Berge.
Fekk bollar og saft
For at ungane ikkje skulle bli heilt tomme for energi denne dagen, vart det servert gratis bollar og saft til alle.
— Me har ei kjempekjekke dame, Anna Heggebø, som har stilt opp for oss. Ho har laga til saman over 200 veldig gode bollar, noko me set stor pris på, seier Anne Karin Nøkland Berge. Vassverket i Ølen sponsa også med vassflasker til alle borna.
— Det skal vera kjekt å bu i Ølen. Resultatet er ikkje så viktig, men me må læra ungane å vera snille, ikkje banna og mobba. Det er også viktig at dei lærer seg å takka. Om dei kjem på pallen og ikkje takkar, så får dei høve til å gå opp igjen og prøva på nytt, seier Håkon Hustveit, som har lært mange ungar i Ølen litt om skikk og bruk opp gjennom åra.