— I dag er me veldig glade og fornøgde, det var godt å bli tatt på alvor, seier hovudtillitsvalt Annbjørg Flåte i Fagforbundet Etne.
Striden starta då Etne kommune fjerna den betalte pausen frå dei tilsette i heimetenesta frå 12. mars 2007. Dei som jobbar inne på omsorgsenteret har aldri hatt betalt pause.
— No som me har vunne fram hjå Arbeidstilsynet, har Fagforbundet Etne fremma to krav til kommunen. Me krev betalt pause, og å få etterbetalt alt som kommunen skuldar oss i frå 12. mars i fjor, inkludert overtid og feriepengar. Kravet gjeld også dei som jobbar inne på omsorgsenteret i og med at dei ikkje har hatt eit godkjent og skjerma pauserom.
Det er beklageleg at Etne kommune ikkje har teke oss på alvor frå starten av, seier hovudtillitsvalt Annbjørg Flåte i Fagforbundet Etne. Det kunne spart dei for mykje bry.
Knapp frist
Arbeidstilsynet krev at eit skikkeleg pauserom er på plass 1. juni. «Dersom Arbeidstilsynet ikkje har mottatt skriftleg tilbakemelding om at pålegget er oppfylt innan fastsett frist, kan Arbeidstilsynet gje ei løpande tvangsmulkt eller eingongsmulkt, jf. Arbeidsmiljøloven § 18-7. Arbeidstilsynet kan også heilt eller delvis stanse verksemdas aktivitetar inntil pålegget er etterkome, jf. Arbeidsmiljøloven § 18-8.»
For at pålegget skal bli oppfylt må kommunen gjera fylgjande:
Det blir sett opp ein lettvegg eller liknande som skjermar dei tilsette for innsyn og forstyrringar utanfrå i pausane. Dei tilsette skal også ha moglegheit til å laga mat og ha tilgong til sanitæranlegg når dei skal ha pause, eller at dei tilsette får tilgang til eit anna rom som tilfredstiller forskrifta.
Ikkje god reklame
Svaret som kom frå kommunen då dei fekk varsel om pålegg i oktober, var dette: «Det er ikkje belegg for å seie at dei tilsette i heimetenesta vert uroa i pausane, og dermed ikkje har fullgod pause på noverande tidsrom. Etne kommune avviser dermed grunnlaget for varsel om pålegg.»
Hovudtillittsvalt Lisa Marie Mæland i NSF Etne, vil også fremja same kravet om etterbetaling. Ho er svært nøgd med avklaringa frå Arbeidstilsynet, men fryktar at denne saka kan gje arbeidsplassen eit dårleg rykte.
— Etne kommune må tenkja lenger enn nasen rekk. Deira handsaming av saka er ikkje akkurat gunstig for å rekruttera nye og nødvendige krefter, det hjelper heller ikkje på det allereie høge sjukefråværet, seier Lisa Marie Rullestad Meland.
Uvanleg praksis
— Fagforbundet i Etne har sjekka med tolv nærliggande kommunar. Det viser seg at det berre er Etne kommune som ikkje har betalt matpause i heimetenesta, det er også kommunar som har betalt matpause både i heimetenesta og institusjon. Det har vore forsøk i ein kommune med å ta vekk betalt matpause ein kort periode. Men dei gjekk tilbake på dette fordi det vert for mykje administrativt, med omsyn til overtidsbetaling og avvik. Matpausane har heller ikkje vore merka av på turnusplanen, og det blir preg av stress for å få avvikla pausane til fast tid når ein er ute i heimen til brukarane.
— Det som er mest tragisk i denne situasjonen er at me måtte gå heilt til Arbeidstilsynet for å bli høyrt. Me forventar nå at Etne Kommune etterkjem dei pålegg som er gjeve. Det blir vidare opp til kommunestyret om dei vil omgjera vedtaket om ubetalt matpause, seier hovudtillitsvalt Annbjørg Flåte i Fagforbundet Etne.
Har ikkje tatt stilling
Elling Hetland, rådmann i Etne kommune, har ikkje tatt noko avgjerd for korleis kommunen vil løysa denne floken.
— Me har ikkje tatt stiling til denne saka enda. Men det er klart at no må me setja oss ned å finne ut korleis me skal gå vidare, seier han.
— Var det uventa å få pålegg frå Arbeidstilsynet?
— Nei, det var det ikkje, men det er ting i pålegget me ikkje heilt skjønar. Dette må me ta opp med Arbeidstilsynet, før me bestemmer oss for korleis me skal handsama denne saka vidare, seier Elling Hetland.
— Kjem de til å godta pålegget, eller vil de ta saka vidare?
— Før me avgjer det, må me få ei avklaring på det som er uklart, seier rådmannen.