Fullt hus på russerevy

At årets russekull har lagt ned mykje arbeid i revyen, var ikkje vanskeleg å sjå. […]

At årets russekull har lagt ned mykje arbeid i revyen, var ikkje vanskeleg å sjå. Suffløren var så og seie arbeidslaus, og sceneskifta gjekk unna i ein fei. Kulissene og kostyma var og flotte.
Gode songprestasjonar
Det er fleire glimrande songarar i årets russekull, og det vart bevist gong på gong gjennom revyen. Revysjefane Stine Hamre og Monica Stangeland var særleg framtredande. Saman med Silje Ness og Solrun Byrkja leverte dei blant anna ein glimrande versjon av Weather Girls sin ”It´s raining men”. Men det var ikkje berre jentene som song fint. Andreas Bakkevold og Henning Ørke gjorde sin versjon av Odd Nordstoga sin ”Grisen står og hyler”. Gutane veik slett ikkje tilbake for jentene, og song utruleg flott.
Sketsjar frå nærmiljøet
Nokre av sketsjane var henta frå nærmiljøet. Blant anna Gjestegården med sine fulle fjortisar, fengselet i Sandeid, GrannKam og lensmannskontoret. Det vart også gjort parodi på rektor Ingrid Søndenaa i sketsjen ”Psykologen”, der Monica Stangeland spela rektor. Sjølvsagt var det og parodiar på ordførarane våre. Forutan det bestod det meste av sketsjar frå skulemiljøet. For den delen av publikum som ikkje er særleg kjend med Ølen vidaregåande skule og deira tilsette vart revyen litt tam. Ungdommane lo stort av den interne humoren, men det var mange som ved fleire høve ikkje heilt skjøna humoren.