Fylkesmannen vil ha forklaring

I eit brev til Vindafjord kommune bed fylkesmannen om meir utfyllande grunngjeving for avslaget. Ann […]

I eit brev til Vindafjord kommune bed fylkesmannen om meir utfyllande grunngjeving for avslaget. Ann Olaug Byggstøyl, som tok over drifta av Sandeid Kafé i vår, fekk avslaget frå rådmannen dagen før festivalen skulle starte. Ho leverte ei klage med det same, og den blei også send til fylkesmannen. Trass i forsøk, greidde ikkje fylkesmannen å handsame denne klaga innan fredag 4. juni då festivalen skulle byrje.
Meiner seg forskjellshandsama
Fylkesmannen har vore i kontakt med Byggstøyl, og ho har opplyst at ho likevel ønskjer klaga handsama i ettertid. Ho meiner seg forskjellshandsama av Vindafjord kommune. Teltet, som var sett opp like ved kafeen i samband med festivalen, fekk skjenkeløyve, og det same gjorde ein av båtane som låg til kai. I grunngjevinga til avslaget frå rådmannen går det fram at kafeen ligg for nær bustadområde.
— Eg gjorde ei skjønsvurdering og kom til at eg måtte gje avslag sidan kafeen ligg så til dei grader inntil bustadområde, har rådmann Gerd Ingunn Opdal tidlegare oppyst til Grannar.
I klaga Byggstøyl leverte stiller ho ein del spørsmål kring det ho opplever som paradoksalt med avslaget. Ho undrar seg mellom anna over kva som gjorde at arrangementet på kaien fekk samtykke i sin søknad på same sak. Byggstøyl påpeiker også at ho meiner det er på grensa å kalle staden der kafeen hennar ligg for eit bustadområde, sidan den trass alt ligg midt i sentrum.
Må grunngje nærmare
På spørsmåla kring dette, fekk ikkje Byggstøyl noko svar i kommunen si klagehandsaming. I eit brev til Vindafjord kommune poengterer fylkesmannen at rådmannen si vurdering er kort i vedtaket ho gjorde om avslag. Fylkesmannen viser til forvaltningslova sitt krav om grunngjeving og bed difor Vindafjord kommune om å grunngje sitt avslag meir utfyllande. Fylkesmannen vil deretter handsame saka.