Fylket inn i kulturhuset

Dermed er ein viktig grunnstein på plass for å kunne realisere dagens planar for kulturhus […]

Dermed er ein viktig grunnstein på plass for å kunne realisere dagens planar for kulturhus og idrettshall i Etne. Men leigeavtalen må opp igjen i kommunestyret sidan utgangspunktet var ti års leigetid, medan fylkeskommunen godtar seks år pluss opsjon for fire år til.
— Godtar kommunestyret avtalen, så er det eit klarsignal om at det blir utbygging. Det er viktig for kulturhuset at dei får både kommunen og fylkeskommunen med på laget. Utbygginga blir eit stort pluss for Etne, seier ordførar Amund Enge.

August 2008
Kommunen skal ha areal til kulturskulen og biblioteket, medan Etne vidaregåande skule skal ha 1.046 kvadratmeter til disposisjon i nybygget. Denne delen kostar 20 millionar kroner, og prosjektet må ta tru på at Etne vidaregåande skule blir leigetakar lenger enn i ti år for å betale ned gjelda.
— Eg ser ingen grunn til at skulen ikkje skulle ha ei framtid. No er signalet frå kommunalministeren at det ikkje blir endring av regionane på ei god stund enno. Samanslåing av Rogaland og Hordland skjer ikkje med det første, seier Enge.
Årleg leigesum for fylkeskommunen er 1.150.000 kroner, og i følgje vedtaket i fylkesutvalet er leigeavtalen frå 1. august 2008.