Fysioterapitenesta i Skånevik

Arbeidsområdet til fysioterapeut Sylvia er stort, og me ber ikkje nag til henne for det […]

Arbeidsområdet til fysioterapeut Sylvia er stort, og me ber ikkje nag til henne for det vanskelege tilhøvet som er mellom behov og tilbod innafor denne tenesta her i sona vår. Me veit at ho har dagen full med behandling av pasientar, rehabilitering, arbeid i høve til Hjelpemiddelsentralen og vurdering, behandling og tilsyn med born i førskule- og skulealder.
Tålmodig har me lengta mot opprykk på ventelista. Håpet vart tend litt då helseleiaren for ei tid tilbake slo opp ein plakat på omsorgssenteret og sa seg lei for stoda slik ho var i Skånevik. Oppløftande var det å lesa at ho lova betring ved nyttårstider. Etter 1. januar ville den nytilsette ergoterapeuten ta over ei rekkje av arbeidsoppgåvene til fysioterapeuten. Me vart litt oppløfta og gjekk inn i nyåret med håp om betre tider og avansement på ventelista.
Stor var nedturen i humøret då me for nokre dagar sidan fekk høyra at no skal fysioterapeuten, som til no har hatt fire arbeidsdagar i Skånevik, nytta ein vekedag i Etne.
Dette skjønar me lite av. Meiner dei som styrer arbeidsplanane i helsetenesta at pasientar i Skånevik skal vera nøgde til å reisa til Etne for å få behandling?
Eller er det slik at ventelistene her berre skal auka framover i tida?
Er det ikkje rimeleg at når fysioterapeuten vert avlasta, må ho få tid på seg til å arbeida seg nedover på ventelistene sine utan å måtte kasta seg over nye arbeidsoppgåver i andre delar av kommunen?
Ein konsekvens av dette er, som fastlegane seier: «Søk behandling hos private terapeutar i eller utafor kommunen».
Det kunne sjølvsagt vore ei løysing!
Men den løysinga er ei særs dårleg løysing når me har fint tilrettelagde lokale, topp utstyr (mykje kjøpt inn av bygdafolket) og ein dyktig fysioterapeut her i bygda.
Er det ikkje slik at dei flotte lokala her i Skånevik, som bygdafolket har brukt pengar på og sett i fortreffeleg fin stand, kan nyttast av folk som bur i andre deler av kommunen?
Er det urimeleg å forlanga at også andre kan få tilbodet sitt her?
Eller er det slik at helseleiaren meiner at det berre er folk frå Skånevik som må flytta på seg for å oppnå kommunale helsetenester?
Me ynskjer eit klårt svar frå den politiske og den administrative leiinga i kommunen om kva slag tankar det er som ligg bakom denne plutselege nedbygginga av tenestene i denne delen av kommunen?
Svaret bør me få i Grannar, slik at alle kan få den same informasjonen.
I same andedraget kan kanskje den politiske leiinga seie oss korleis informasjonen om endringar i tenestetilbodet skal kunngjerast i framtida. Skal me fortsatt vera avhengige av å plukka opp små informasjonsbitar frå folk me møter på vår veg, eller kan ordføraren tenkje seg sikrare og tryggare informasjonskanalar til innbyggjarane i kommunen?

Gudbjørg Christophersen
Helga Bøthun
Aud Langhelle
Olaug Skålnes