Gang og sykkelveg Etnebygda – Håfoss

Gratulerar så mykje. Uansett er det tryggleiken til dei som ferdast ein skal ta omsyn […]

Gratulerar så mykje. Uansett er det tryggleiken til dei som ferdast ein skal ta omsyn til. Då Skrik og Madonna blei funne blei det stor festivitas, der desse nasjonale skattane var funne. Eg vil tru dei største nasjonale skattane er menneske. Det må kunne vera eit krav at der vegstandaren er låg, der må dei mjuke trafikkantane har krav på ein sikker veg.
Eg vil tru aksjonsleiaren Tora Lilledal har gjort eit framifrå godt arbeid saman med dei andre i gruppa. Eg vil tru ho har god røynsle frå den tida ho budde på Indre Nes i Skånevik, då ho måtte bruka riksvegen for å koma på skulen, eller andre ting som var i Skånevik. Eg trur det er mellom 16 og 20 år sidan arbeidet med gang og sykkelveg tok til på denne vegstrekninga mellom Nes og Skånevik. Det er godt det skjer noko rundt om som kan bidra til eit tryggare liv for dei mjuke trafikkantane og dei som ferdast på vegen.
I Skånevik har me det som det eingong var. Her har kommunen, fylket og vegstellet gått inn med varig vern, der ikkje noko skal rørast. Noko dei fleste etter kvart har fått med seg. Her i Skånevik snakkar me ikkje lengre om år, men millenium. Eg får seia som trubaduren Stanley Jakobsen seier i songen: «I morgen, i morgen, men ikkje i dag».
Men igjen gratulerar så mykje til aksjonsgruppa på Håfoss. Det er iallfall noko på gang. Sjølv om vegstellet set gang- og sykkelvegen til Håfoss høgt opp har dei ikkje vegen inne på inneverande plan, så her må ein stola på kommunen. Som det heiter i songen «Stol på kapteinen han har uniform», som Reidar Brendeland syng i «Vestlandsfanden». Men det er ikkje sikkert uniforma betyr så mykje.
Noko er iallfall oppløftande. Fylkesvegen mellom Etne og Børkjenes er blitt betre sikra med nytt autovern. Så får me sjå kva tid det kjem utbetring mellom Børkjenes og Skånevik. Det er rundt 106 år sidan vegen blei bygd, så me får sjå kor tid resten blir sikra.


Ove Wiland
Skånevik