Går for lettvint mat

Det er lenge sidan WesternGeco produserte den siste seismikk-kabelen i industrilokala på Tongane. No er […]

Det er lenge sidan WesternGeco produserte den siste seismikk-kabelen i industrilokala på Tongane. No er det først og fremst kaker og pizza det handlar om i den store bygningen.
Solveig Moe Lysholt og Torhild Flydal er tilbake på gamle tomter etter at amerikanske Slumberger nesten over natta la ned produksjonen av høgteknologiske kablar for nesten tre år sidan. Saman med Reidun Synnøve Gravelsæter, Gunn Inger Høyland og Marta Eikemo Sund opna dei den første mjølsekken på Tongane for to veker sidan.
— Det er heilt nytt for oss og eg håpar han lukkast med å skape noko varig. Eg trivst godt i denne jobben, seier Marta Eikemo Sund. Ingen protesterer på det.

Starta Euro Food
Han, er sjefen Lars Hanssen som var på reise til Oslo før helga. For å få på plass fleire avtalar for det nystarta selskapet Euro Food AS i Etne.
Så langt har han tilsett fem personar i produksjonen. Ingen av dei fem damene har bakgrunn frå bakeri.
— Men vi er vel ikkje akkurat på bar bakke når det gjeld baking. Det har vi gjort i alle år, er den samstemte konklusjonen.
Denne dagen går det unna med fyrstekaker i små porsjonar, og dagen før var det pizzahorn. I nabolokalet står det pakkemaskiner klare, men som dei ikkje har tatt i bruk enno. Bakinga i Euro Food er i innkøyringsfasen.

Nasjonale avtalar
— Vi er alt blitt ein nasjonal leverandør av produkta våre, men det ligg i korta at vi satsar på å ekspandere. Elles hadde vi neppe flytta inn i desse store lokala. Noko meir konkret har eg ikkje å fortelje om desse framtidsplanane, seier Lars Hanssen, dagleg leiar i Euro Food AS.
Selskapet vart stifta for ein månad sidan. Dei leiger i dag 400 kvadratmeter, men har til disposisjon 3.500 kvadratmeter dersom det blir behov for utviding. Og det legg Hanssen ikkje skjul på er målet.
Han dreiv tidlegare Europizza AS i leigde lokale hos Øyane ASVO etter at dei la ned bakeriet sitt.
Men no er han i gang i større målestokk med nye tilsette og maskinpark, og nye eigarar er komne inn i bildet. Det første målet er å ha fem årsverk og eit budsjett på åtte-ni millionar kroner i 2006.

Lettvint mat
— Marknaden er først og fremst frå Agder til Bergen. Pizzahorn er eit fenomen på Vestlandet. Vi har fått avtalar med ein del smågrossistar som har innpass i kjedene. Det var startskotet for det vi ser som ei satsing. Valet var å avvikle eller prøve noko større, seier Hanssen.
Det er ikkje meir enn fire månader sidan desse avtalane kom i boks. Euro Food skal ikkje bli noko vanleg bakeri for det daglege brød. Det handlar om rask mat til kioskar og bensinstasjonar. Lettvint mat er merkelappen i USA.
— Vår greie er å tenkje nisjar. Stadig fleire lever som single. Dei lagar ikkje mat på same måte som før. Single treng ikkje ei stor kake, seier Hanssen.
Han har også økologiske produkt på agendaen og trur det vil bli etterspurt vare i framtida.
— Eg arbeider tett opp til leverandørar med tanke på økologiske råvarer. Kombinasjonen lite volum og dyrare varer i alle ledd, er ikkje heilt enkelt. Men økologisk er ein trend i Europa, og med rett timing kan ein vere heldig og få klaff, seier Hanssen.
Han har brukt to år på å kome der han er i dag, og reknar med å bruke eit par år på å kome eit steg vidare.

Mjøl på fingrane
Lars Hanssen si slektstavle har mjøl på fingrane i generasjonar. B. Hanssen & Søn var stor bakar i Haugesund i lang tid. På eigarsida er det søskenbarnet hans Berdinius Hanssen som representerer familien i Euro Food, medan Lars tar seg av den daglege drifta.
— B. Hanssen & Søn var ein av dei leiande på halvsteikte produkt på 1980-talet. Dei var faktisk i ferd med å etablere seg i Etne, men så fauk mjølprisen i veret og slo beina under denne satsinga, fortel Lars Hanssen.
Han meiner Etne er ein ideell plass å etablere seg med tanke på logistikk og distribusjon av produkta i nasjonal målestokk. Industribygningen var frå starten av mekanisk verkstad. Men med omlegginga og utvidinga WesternGeco gjennomførte, meiner Hanssen bygningen er ideell til næringsmiddelproduksjon.
Han tar med seg tradisjonelle bakemetodar inn i moderne produksjon.