Kniving mellom fotballaga i Skjold og Vats er blitt historie. Svak tilvekst av spelarar kombinert med generasjonsskifte har ført dei to nabobygdene saman på fotballbanen.
— Statusen vi gjorde opp etter sesongen fortalde oss at anten måtte vi samarbeide med Vats, eller så kunne vi la vere å stille lag i 5. divisjon, seier dagleg leiar Kåre Haugen i IL Skjoldar.
Prøveår
Åge Madsgård i fotballgruppa til Vats 94 synest ikkje det var vanskeleg å droppe Vats-laget og gå inn i samarbeid.
— Begge klubbane ser at vi ikkje har mannskap til noko anna enn å stille sjuar-lag. Det er ikkje så interessant målt opp mot samarbeid, seier Madsgård.
Han viser også til at dei to klubbane har eit god samarbeid i dag der det har felles lag blant dei yngre spelarane. Dessutan er samarbeidet tidsavgrensa, og laga må søkje fotballkretsen om å få stille samarbeidslag før kvar sesong.
— Vi har berre diskutert samarbeidslag. Samanslåing av dei to klubbane har aldri vore tema. Neste år blir eit prøveår, seier Kåre Haugen i Skjoldar.
Både Vats og Skjold
Madsgård trur ikkje det går på identiteten laus for spelarar og heimepublikum i dei to bygdene.
— Det trur eg går bra. Vi har bede fotballkretsen om å få spele heimekampane vekselvis i Vats og Skjold. Dessutan skal laga trene på begge banene, seier han.
Både Haugen og Madsgård ser på det som positivt at spelargruppa blir delt nesten 50-50 mellom dei to bygdene. Dermed får ikkje laget tyngdepunktet verken i Vats eller Skjold.
Lagnamnet er også demokratisk til punkt og prikke og skal heite IL Skjoldar/SK Vats 94.
— Det er kjensler ute og går i samanslåingar, og det er viktig å gjere det rett, meiner Haugen.
Tilbod til Bråtveit
Dei to klubbane er samde om å gi Skjoldar-trenar Linda Worren Bråtveit det første tilbodet om trenarjobben. Men ho er i tenkjeboksen og har fått litt tid på å bestemme seg.
— Eg har likt meg i Skjoldar. Men eg har familie og må vurdere om eg får tida til å gå opp. Men eg er ikkje skremt frå å ta fatt på ein ny sesong, seier ho.
Den som tar trenarjobben får eit svært ungt lag å trene. Stort sett berre førsteårs seniorspelarar og resten junior.
Skjoldar har misst sju spelarar etter sesongen fordi dei har lagt seriefotball på hylla. Verken Jan Bauge, Egil Moe, Kjerand Haugen, Odd Erik Egge, Åsmund Børretzen, Tomas Gausvik eller Hagbart Drange blir med neste år. Også Vats har mista fleire spelarar, mellom andre har Svein Tore Haraldseid og Kjetil Ohm gitt seg.
Går for samarbeid
Kniving mellom fotballaga i Skjold og Vats er blitt historie. Svak tilvekst av spelarar kombinert […]