Fylkespolitikaren frå Etne seier han kjem til å gå imot at Hordaland fylkeskommune skal gå inn i ein kortvarig leigeavtale med kulturhuset for Etne vidaregåande skule.
Oddvar Tvedten meiner det er usikkert kor langvarig det blir satsing på den vidaregåande skulen i Etne sidan dagens fylkeskommune etter alt å dømme ikkje lenger eksisterer frå 2010 – altså om vel tre år.
Blitt politikk
Får Tvedten gjennomslag for dette synspunktet på fylkesplanet, betyr det at ein del av grunnmuren for det nye kulturhuset blir riven vekk.
I utgangspunktet ville kommunen og kulturhuset ha fylkeskommunen som leigetakar i 10 år. Det var også kravet frå kommunestyret i Etne då det avgjorde å delta i kulturhuset. Etter at fylkesrådmann Paul M. Nilsen fekk politisk signal om at ti år var uaktuelt, kalla han kommunen inn til møte. Der vart dei samde om seks års leigeavtale, pluss opsjon på fire år deretter. Det blir også forslaget fylkesrådmannen legg fram for fylkespolitikarane.
Det var Frp som har tok initiativet til at leigeavtalen skal avgjerast av politikarane, og ikkje administrasjonen.
— Kommunen må betale
— Eg får spørsmål om eg er i mot å ha vidaregåande skule i Etne. Eg er for skulen, men vi veit ikkje kva framtida vil bringe. Med ein ny Vestlandsregion er vi i ein heilt ny situasjon på eigarsida. Difor blir det vanskeleg å gå inn i ein langsiktig avtale. Seks år er ikkje lenge nok for kulturhuset, seier Tvedten.
Han viser til at det er snakk om to millionar kroner i året som står utan dekning dersom skulen seier opp og går ut av leigeforholdet.
— Kven skal betale når fylkeskommunen går ut. Det blir garantert kommunen som må ordne opp, meiner Tvedten.
Frp var i mindretalet og tapte kampen om kommunen skulle delta i kulturhuset.
— Blandar du ikkje kommunepolitikk og fylkespolitikk ?
— Det er mi oppgåve å sjå heilskapen. Eg kan ikkje vere med på vedtak som er uheldig for kommunen eg bur i og representerer, seier Tvedten.
Ope for utvalsleiar
Frp-kollegaen Roald Stenseide frå Askøy er leiar for opplærings- og helseutvalet i fylkeskommunen. Han legg vekt på å drive skulepolitikk i denne saka, og ikkje blande den saman med spørsmålet om kulturhus.
— Vi har ikkje fått saka på bordet enno, men for meg handlar det om skulepolitikk. Det er fylkeskommunen og skulen sitt behov vi skal leggje vekt på. Dette kan eg ikkje seie noko om no, for eg har ikkje fått saka enno, seier han.
Stenseide meiner også at fylkeskommunen må ta spørsmålet om forvaltningsreforma med i vurderinga.
— Eg har ikkje svaret i dag om vi skal vente med denne leigeavtalen. Etter den nye reforma kan vi få same eigar av skulane i Etne og Ølen. Den vidaregåande skulen i Ølen har jo ledig kapasitet. Dette er spørsmål vi må vurdere, men eg har ikkje svaret enno, seier Stenseide.
Opplærings- og helseutvalet skal ha leigeavtalen på bordet den 14. november, som den første politiske instansen i fylkeskommunen.
Går mot leigeavtale
Fylkespolitikaren frå Etne seier han kjem til å gå imot at Hordaland fylkeskommune skal gå […]