Kvinnherad Breiband har hatt suksess på heimebane, og no går selskapet saman med Etne Elektrisitetslag og Skånevik Ølen Kraftlag for å overføre denne oppskrifta til Etne, Ølen og Vindafjord. Det betyr i så fall at dei vinn kampen om å vere først ute med eit breiband i fiber.
Denne kabelen skal tilby både internett, tv-kanalar og telefoni iein pakke.
Kontrakt først
Blir klarsignalet gitt, betyr det også at Etne E-lag og SØK kjem inn på eigarsida i det som i dag heiter Kvinnherad Breiband AS.
Den største hindringa på denne vegen er om dei vinn kampen om å tilby fiber til kommunale bygningar i Etne, Ølen og Vindafjord.
Utan denne grunnmuren i utbygginga, går partane neppe i gang med å fiberprosjektet i denne omgang.
Samarbeidet om breiband for alle kommunane på Haugalandet gjekk i vasken fordi det eine tilbodet (Haugaland Kraft) som kom inn vart vurdert som for dyrt. Spesielt for folketette Haugesund og Karmøy sidan det skulle vere ein solidarisk pris uavhengig av geografien.
Kommunane Etne, Ølen og Vindafjord går difor saman og lyser ut felles anbod med frist 1. juni.
Utvikle distriktet
Everksjef Bjarne Sevareid i Etne meiner dei har eit fortrinn i straumnettet dei kan knyte breibandet til. Vegtraseen ligg der på førehand. Kollega Kristoffer Vannes ser klare fordelar i at dei får fleire bein å stå på slik at dei kan halde oppe aktiviteten i selskapet.
— Dette er eit tilbod vi gjerne vil vere med på å byggje ut. Vi vil også leggje til rette for utvikling i distriktet, og dermed for eigarane våre. I neste omgang knyter det kundane nærmare til oss, seier Kristoffer Vannes. I Vindafjord må dei leige tilgang til nettet til Haugaland Kraft for å få ein motorveg å strekkje fiberen etter.
Gode erfaringar
Partane har leigd inn Agder Energi Montasje AS for å lage eit forprosjekt om kva utbygginga vil føre med seg av utfordringar og kostnader.
— Kraftlaga var interesserte i å finne samarbeidspartnar og såg det som ein god modell å gå saman med oss. Vi har hausta erfaringar i Kvinnherad, og har lært ein god del om korleis ein best taklar både utbygging og drift. Det bli ein fordel for utbygginga i dette distriktet, seier Per Ove Kviteberg, dagleg leiar i Kvinnherad Breiband AS.
Dei lokale kraftlaga skal byggje opp kompetanse i å byggje ut med fiber, og dei skal ha ansvaret for eventuelle linjefeil i distriktet.
Tettstader først
Dersom Kvinnherad Breiband får tilslaget på å tilby dei tre kommunane fiber, vil det ta rundt eit halvt års tid å få på plass eit stamnett (ring) i kommunane. Frå dette nettet skal det så strekkast forgreiningar til bedrifter og bustadfelt.
Kor mange kundar som må til før dei fører fram ei sidegrein, har aktørane ikkje svar på i dag. Men det er ingen fordel å bu grisgrendt eller i utkanten for dei som håpar på å få fiber til huset sitt.
— Det eg kan seie i dag er at det må eit visst antal til før det blir økonomi i å føre fram ein kabel. Men det er fleire tilhøve som speler inn her, seier Kviteberg.
Dersom det blir ein emisjon i Kvinnherad Breiband skal Kvinnherad Energi eige 49 prosent, Fjelberg Kraftlag 13 prosent, SØK 25 prosent og Etne E-lag 13 prosent.
Går saman om fiber
Kvinnherad Breiband har hatt suksess på heimebane, og no går selskapet saman med Etne Elektrisitetslag […]