Gav frå seg to poeng

5. divisjon avd. 4 Skjoldar-Finnås 3-3 (2-0) Spelet bølga att og fram, med mykje godt […]

5. divisjon avd. 4
Skjoldar-Finnås 3-3 (2-0)

Spelet bølga att og fram, med mykje godt spel av Skjoldar som utnytta kantane godt. Ca 35 minutt ut i kampen scorar Hagbart Bauge på nytt på straffe, og Skjoldar kunne gå til pause med leiing 2-0.
Andre omgang starta bra, men etter ei stund band Skjoldar-spelarane seg og sleppte gjestene for lett inn på seg.
Åsmund Børretzen forklarer dette med at spelarane blei for redde for å tapa, og gjekk unødvendig tilbake i forsvar. Det førde til at det på kort tid stod 2-2 i protokollen. Men eitt minutt etterpå scora Skjoldar og leia på nytt kampen. Men igjen let dei sjansen gå frå seg og Finnås kom tilbake og scora. Deretter rann spelet ut i sanden og resultatet blei uavgjort 3-3.
— Greitt nok med eitt poeng, men det er ikkje godt nok i ein kamp som me klart skulle vunne, seier Åsmund Børretzen. Men han har stor tru på at ein velfortent ferie nå vil gi styrke til å komma tilbake for fullt når haustsesongen startar.