Gav liv til Egner-heltar

Straks foreldre og besteforeldre, tanter og onklar hadde greidd å svelgja den siste komlebiten i […]

Straks foreldre og besteforeldre, tanter og onklar hadde greidd å svelgja den siste komlebiten i kafeen, ønskte skuleelevane velkommen til ei mangfaldig litterær hyggjestund.
Langs veggen blei publikum møtte med fasongdikt, laga til av elevane sjølve. Lengre fram mot scenen var Thorbjørn Egner sin forfattarskap rikt presentert. Første- og andreklassingane tok for seg det meste av handlinga i klassikaren Folk og Røvere i Kardemomme By. Det var godt og levande spelt av så unge kunstnarar.
Karius og Baktus hadde også funne vegen til Vik, med kvar sin piasavakost. Som dokketeater fekk me presentert Papegøyen frå Amerika og andre kjendisar i den vesle byen, og barberar Sørensen for så grundig fram mot Kasper og Jesper og Jonatan at ho nesten reiv hovuda av dei. Munnhoggeriet mellom tante Sofie og dei tre røvarane var velspelt og skræmande ekte.
Tredje- og fjerdeklassingane slo til med Egner-viser på rekkje og rad, og dei fekk også velja seg dikt utanfor Kristiansand-diktaren si frodige fantasiverd. Det greidde dei godt.
Endå meir spennande blei det i siste bolken av den litterære ettermiddagen. Storskuleelevane, eller elevane på mellomtrinnet som det heiter nå, hadde skrive eigne diktsamlingar. Meir eller mindre scenevande framførte dei sine tankar om verda og om livet.
Variasjonsbreidda var stor. Politikk, fotball, humor, og ein fin blanding av både det eine og det andre. Fleire av dei litterære urframføringane vekte varm og ekte latter blant dei frammøtte.
Avrundinga av showet var det Han Innante som stod for, saman med ein «kamaratt» som såg ut som han var gravid med tvillingar. Fullt godkjent, også frå dei profesjonelle.

Jonas Jørstad