Gåvedryss i symjehallen

— Dette var ei fantastisk fin gåve, som garantert kjem til å bli godt mottatt! […]

— Dette var ei fantastisk fin gåve, som garantert kjem til å bli godt mottatt! Eg er imponert over det Etne Symjeklubb har fått til på privat initiativ, seier rektor ved Enge skule, Morten Odéen.
På tysdag startar symjeklubben opp att med ope basseng, og då kjem nok det nye badeutstyret til å bli flittig brukt.
— Eg er sikker på at mange kjem til å gle seg over det nye utstyret, i alle fall vasspolostativa, seier Maria Steinstø, elevrådsleiar ved Enge skule.
Utvidar tilbodet
— Ein god del av det gamle utstyret har vore her i over 35 år, så det var på høg tid at det kom noko nytt, seier Elen M. H. Ramsvik, i Etne Symjeklubb. Klubben har hatt svært god respons, og til tider har det vore fullt i bassenget.
— I år utvidar me opningstidene. Det kjem til å bli dobbelt så mykje bading for både liten og stor denne hausten, seier Monica Klippenberg, leiar i Etne Symjeklubb.
Interessa for å vera med som badevakt var svært i god i starten, men Klippenberg og Ramsvik har ikkje sett den same iveren denne sesongen.
— Dessverre så er det berre halvparten så mange som har meldt seg som badevakt nå. Me vonar at endå fleire melder seg, det er berre snakk om tre timar per gong, og berre ei vakt hjelper oss veldig. Ta kontakt!, oppfordrar Monica Klippenberg.
Symjeklubben går rundt takka vera dugnadsjobben badevaktene gjer. 10.000 kroner av inngangspengane har dei brukt til å oppgradera badeutstyret i symjehallen.
Vil ha kommunen på banen
— Grunnen til at me sit i klorlukta i tre timar per vakt, er ikkje fordi det er så festlig, men for å skapa noko for ungane våre. Eg vonar at fleire melder seg som badevaktar. Den generasjonen som eg er ein del av, er altfor slappe når det gjeld dugnadsarbeid. Målet vårt er at Etne kommune får stillinga som badevakt inn på budsjettet sitt i 2007, slik at me i klubben kan bruka tida vår på å halda kurs og driva organisert trening for born. Akkurat det er det mange som har etterlyst. For at det skal kunne skje, må kommunen kome på banen, seier Elen M. H. Ramsvik.