Gjekk Noreg til gull

Vår eigen Andreas Hustveit frå Ølen var heller ikkje nøgd ettersom han kom litt bak […]

Vår eigen Andreas Hustveit frå Ølen var heller ikkje nøgd ettersom han kom litt bak i leksa på dei første løpa. Men i fredagens stafett slo han til og spurta Noreg inn til siger. Han heldt hovudet kaldt på den siste etappen og viste dei argaste konkurrentane vintervegen. Med seg på laget hadde han Karl-Einar Henriksen og Kjartan Haugen. Etter Andreas sin fantastiske innsats blei «Ja, vi elsker» for første og einaste gong spelt under Paralympics i Pragelato.
Andreas debuterte som Paralympics-deltakar allereie i Lillehammer i 1994. Då var han berre 15 år gammal. Fredag tok han sitt andre gull. Det første tok han i fem kilometer klassisk i salt Lake City.

På same måte som for Olympiaden i Torino for nokre veker sidan, blei heller ikkje resultata i Paralympics som forventa. I etterkant blir det spurt om kva grunnen til at utlendingane går i frå, stilt både til trenarar og leiing. For handikappidretten blir det store organisatoriske omleggingar framover. Den skal ikkje lenger liggja under handikappforbundet, men skal samlast i Noregs Idrettsforbund.

Me har ikkje føresetnadar for å uttala oss om det er til det beste for denne idretten eller ikkje. Men det som er viktig er at desse utøvarane, til liks med alle andre, får tilført dei nødvendige ressursar, både faglege og økonomiske. Det må også satsast i breidda slik at flest mogleg får høve til å vera med og konkurrera om premiar og medaljar.

For at handikappidretten skal få den merksemda den fortener, må også media prioritera den på ein heilt annan måte enn kva som har vore gjort under leikane i år. Det meste som har vore vist på fjernsyn har vore i opptak, og har komme langt etter andre idrettssendingar. Dersom ein ikkje har vore spesielt interessert, har det ikkje vore lett å få med seg det som har skjedd i Torino.

Me ønskjer handikappidretten lukke til vidare og gratulerer med stafettgullet 2006 til laget generelt og til Andreas spesielt.