— Gjekk over streken

For eit par veker sidan blei ein 10. klassing kidnappa, i førre veke blei 10. […]

For eit par veker sidan blei ein 10. klassing kidnappa, i førre veke blei 10. klassingar kasta egg på ved Ølen Senter og laurdag og måndag blei Ølen skule tilgrisa med ketchup. Alle desse hendingane skal raudruss ved Ølen vidaregåande skule ha stått bak.
— Det er berre eit tidsspørsmål før me melder slikt griseri til politiet. Me kan ikkje stadig ha det slik at elevar må spyla vegger og vaska i skuletida. Då vil me be om at reinhaldarane vaskar opp og at me sender rekning til dei som har gjort det, i staden for at elevane våre skal vaska det opp, seier Kalleklev.
Som ein konsekvens av krigen, la han måndag ned eit førebels forbod mot at 10. klassingane får gå til sentrum i matfriminuttet.

— Gjekk over grensa
Kalleklev reagerer spesielt på ein episode der ein 10. klassing blei kidnappa av raudruss. Eleven blei bunden og teipa fast slik at han ikkje kunne røra på seg.
— Eleven blei gjort heilt hjelpelaus. Det var ein episode som absolutt gjekk langt over grensa, seier Kalleklev.
Etter samråd med eleven og foreldra hans blei ikkje forholdet meldt til politiet.
I følgje rektoren er derimot ikkje 10. klassingane heilt uskuldege i samband med det som har skjedd den siste tida.
— Både 10. klassingar og russen har gått over streken, fastslår Kalleklev.
Rektoren meiner at russekrigen er i ferd med å gå utover undervisninga.
— Enkelte elevar må bruka undervisninga til å vaska bort griseri. Eg synest ikkje me kan surra vekk tida vår på dette, seier Kalleklev.

— Må oppføra oss
Idun Øvernes er russepresident for om lag 70 russ ved Ølen vidaregåande skule. Ho tar fullstendig avstand frå bortføringar.
— Når me er så mange, vil det alltid vera nokon som tøyer grensene. Alle veit at me ikkje skal føra bort ungar på 15-16 år. Me har ein avtale på det, og prøver å unngå at det skjer igjen, seier Øvernes.
— Me kan innrømma at nokre tilfelle har gått over streken, seier festsjef Hanne Stonghaugen.
Russen har reglar seg i mellom som blant anna forbyr kidnapping, hiva folk på sjøen, øydelegging og tilgrising på skulen, og kriging på skuleområdet.
Etter kidnappingsepisoden for eit par veker sidan blei det laga ein fredsavtale mellom raudrussen og 10. klassingane. Den går ut på at kriginga ikkje skal skje i skuletida og på skuleområdet.
— Russen skal vera litt pøblete, men me har gjort det litt for tidleg, seier revysjef Monica Isaksen.
— Me skal vera pøblete så det går utover oss sjølve, men det skal ikkje gå utover senteret og elevane på ungdomsskulen. Me skal finna på løgne ting, men me treng ikkje øydelegga ting. Me må kunna oppføra oss som folk, me òg, seier Øvernes.
Ho seier at krigen mot 10. klassingane går begge vegar, men lovar at russen skal prøva å halda eit uskuldig nivå framover.
— Russ er og blir russ. Me har jo lyst til å vera litt opprørske mot andre russ. Me skal vera ein russ med fornuft, men skal ikkje vera rolege av den grunn, seier Isaksen.