Gjennombrot for Westcon-dotter

West Contractors si dotter i Haugesund, Westcon Løfteteknikk AS har inngått sin største kontrakt nokon […]

West Contractors si dotter i Haugesund, Westcon Løfteteknikk AS har inngått sin største kontrakt nokon gong. Avtalen omfattar totalansvar for all løfteutstyr for Technip Noreg AS. Dagleg leiar Karl Johan Jentoft karakteriserer dette som eit gjennombrot for bedrifta i Stavanger-området. Som Grannar skreiv nyleg har Westcon Løfteteknikk etablert seg med avdeling i Randaberg nær oljebyen. Avtalen med Techcnip er verdt 60 til 70 millionar kroner over seks år. Avdelinga i Stavanger vil auke frå fire til 15 tilsette i løpet av året.