Planane om rusomsorg på Vikedal Sæter frå 1. september har kome overraskande på både leiinga i Vindafjord kommune og på dei næraste naboane til hotellanlegget i Vikedalsdalen. Difor har verken kommunale sakshandsamarar eller naboar fått tenkt så mykje over korleis dei skal stilla seg til planane.
— Som kommune veit me ikkje nokon ting om dette. Verken rådmann eller bygningsjef har fått førespurnader om dette, seier rådmann Gerd Ingunn Opdal.
— Er søknad om bruksendring og nabovarsel nødvendig?
— Mykje tyder på at det må søkjast om dispensasjon frå gjeldande bruksføremål, seier Opdal.
Bygningssjef Kjell Kjærland kjem til å senda eit skriv til Vikedal Sæter der han ber om informasjon om bruksendringa.
Håvås er interessert
Ordførar Reidar Håvås har vorte oppringt med førespurnader om det planlagde rusomsorgssenteret. Han skjønar at folk er bekymra, men han trur at ein slik inentar kan også vente seg ein premie.
På skikkeleg basar-vis har Grannar-redaksjonen trekt ut gevinstar på abonnentnummer, og ti faste abonnentar fekk kvar sin premie.
Hovudgevinsten, eit helgeopphald for to personar på Radisson SAS hotell i Bergen, vart vunne av Kolbjørn Hansen i Ølen.
Han vart overraska og glad då han fekk telefon frå Grannar om at han hadde vunne denne uventa gevinsten, og nå gler han seg til weekenden på hotell utpå hausten.