Gjev ølsalet æra

Ein ringerunde til kjedeorganiserte butikkar i distriktet, viser nok eit år med auke i omsetnaden […]

Ein ringerunde til kjedeorganiserte butikkar i distriktet, viser nok eit år med auke i omsetnaden over nesten heile linja. Trass i ekstra sterk daglegvarekonkurranse i Etne sentrum, med tre daglegvarebutikkar, er det ingen som viser teikn på å bukke under der. Tvert i mot.
Streiken trekte ned
— Fjoråret var bra. Me omsette for 21.5 millionar kroner. Det er ni prosent meir enn året før. Me mista ein del på grunn av transportstreiken som varte i halvannan månad. Då gjekk med tomme for fleire varer, og me hadde nok gjort det endå betre viss ikkje det var for den. Men så har me jo også fått ei ny produktgruppe etter at ølsalet byrja, seier butikksjef Jan Lysne ved Rema 1000 i Etne.
Han legg ikkje skjul på at det merkast i kassa etter at daglegvarebutikkane i Etne fekk byrje å selje alkohol sist vår.
Også Spar i Etne melder om auke. Men trass i høgare tal på omsetnaden enn konkurrenten på Meierisenteret, er sjølve auken noko knappare.
— Me omsette for 22. 5 millionar kroner i fjor, og det er knapt fire prosent meir enn året før, opplyser Ole Mæhle.
Opp ti prosent
June Tesdal, butikksjef ved Prix i Etne, melder også om solid vekst. Ho vil likevel ikkje ut med tal.
— Me spesifiserer ikkje kvar enkelt butikk på grunn av konkurransesituasjonen, grunngjev ho, og viser til resultatet for Coop Haugaland sentralt.
Ein solid auke kan også Mega i Ølen og Spar LR Christophersen i Skånevik skryte av.
— Me har auka omsetnaden det siste året med cirka ti prosent, seier Alf Warloe Christophersen, butikksjef i Skånevik.
— Har ølsalet hatt mykje å seie?
— Det har vore ei positiv utvikling heile tida, svarar han.
Jostein Lunde, butikksjef ved Ølen Samyrkelag, fortel også om ein auke av same klasse.
— Me hadde ni og ein halv prosent auke i omsetnad på kolonialvarer, opplyser Lunde, som også hadde like sterk vekst i 2003.
Frå Kiwi i Ølensvåg får me opplyst at dei ikkje går ut med sine tal.
Tøft for dei små
I Sandeid fortel Gunnar Håland, styrar ved handleslaget der, om jamn vekst, med litt høgare omsetnad på daglegvarer enn året før.
— Det er tøft, men me held stillinga, slår han fast.
Handelslaget i Åmsosen i Vats varslar at det ligg omtrent likt med året før. Ica i Isvik har ikkje rekneskapen klar når Grannar tar kontakt. Ved Handelslaget i Imsland melder styrar Einar Solheim om ein samla omsetnad for butikkane i Ølmedal og Kvaløy på 13 millionar kroner.
— Resultatet blei noko ringare i 2004 enn i 2003, fortel han.
Når det kjem til resultatet, viser det eit underskott på 147.000 kroner i Imsland, mot ein minus på 13.000 kroner i 2003. Første mars i år blei som kjend butikken i Ølmedal lagt ned, fordi handelslaget i Imsland ikkje har økonomi til å drifte to butikkar i bygda.