Gjorde hattrick i historisk kamp

Etne –Staal Hjørpeland 5-4 (1-3) Semifinale kretsmeisterskap 5. div. O -1 (2. min) 0 -2 […]

Etne –Staal Hjørpeland 5-4 (1-3)
Semifinale kretsmeisterskap 5. div.
O -1 (2. min)
0 -2 (15. min)
1 -2 (25. min) Ove Straumsøy
1 -3 (38. min)
1 -4 (55. min)
2 -4 (80. min) Jørgen Øyjord
3 -4 (86. min) Ove Straumsøy
4 -4 (88. min) Ove Straumsøy
5 -4 (112. min) Martin Heggelund
Gule kort:
Tre gule til Staal Hjørpeland
Eit gult til Jørgen Øyjord, Etne.

Kampen på laurdag bør komme i historieboka om Etne IL. Med litt «stong ut»-tendensar i byrjinga på kampen, og eit motstandarlag som fekk til det dei prøvde på, vart siffera skumle. Ti minutt ut i 2. omgang var det få som trudde det kunne gå an å ta igjen stillinga 1-4. Men Jørgen Øyjord startaopphentinga, og fekk gnisten att i laget då han sette inn 2-4-målet, ti minutt før kampslutt. Ove Straumsøy, også kalla hattrick–kongen, hengde seg på og scora to mål på to minutt. Plutseleg var stillinga 4-4, og ekstraomgangar var eit faktum.
Første ekstraomgang var jamn, men ingen av laga fekk ballen i mål. Thrillaren heldt fram. Etter eit farleg frispark frå Staal Hjørpeland like utanfor mål, gjekk Etne i angrep att. Sju minutt ut i andre ekstraomgang braut ein hemningslaus jubel ut både hjå publikum og blant Etne–spelarane. Martin Heggelund (16) scorar og blir dagens helt! No vert det finalespel for Etne neste helg. Kven som blir motstandar, vert bestemt måndag.