Glade for cup på heimebane

Skånevik sitt jenter13-lag tapte begge kampane sine. — Det er kjipt, seier Charlotte Ytranes Aastvedt […]

Skånevik sitt jenter13-lag tapte begge kampane sine.
— Det er kjipt, seier Charlotte Ytranes Aastvedt etter å ha tapt 2-21 mot Ølen.
— Ja, det er litt dumt, seier Lene Røgelstad medan ho legg til:
— Men det er kjekt med cup og spesielt at det er her i Skånevik.
Store tap til tross, jentene har ikkje tenkt å gi seg. Serien har ikkje ein gong starta.
— Då skal me vinna mest mogleg, seier Karin Heggelund. Og alle er samde om at for å få det til må det scorast meir mål.
Sakna gutar
Rival sine jenter15 skulle eigentleg overnatta på skulen, men fordi dei var dei einaste overnattingsgjestene fekk dei sova på hotellet. Det hadde dei ikkje noko imot.
— Nå skal me kjøpa milkshake og ta boblebad, massasjestol, sauna og solarium, ramsar Melissa Strenitz opp etter å ha slått Skånevik 19-5.
Gjestene frå Haugesund har ei klar oppfordring til arrangøren.
— Me vil ha fleire gutelag!
Fekk ros
Turid Straumsøy, leiar i Skånevik Idrettslag, er godt nøgd med avviklinga av den første handballcupen for aldersbestemte klassar i Skånevik sjølv om berre tre klubbar deltok.
I 13-årsklassen blei cupen noko amputert fordi Kvinnherad og det eine laget til Ølen melte avbod.
— For oss var det viktig å avvikla cupen og me har hatt ein kjempegod start. Me fekk skryt for arrangementet og det sosiale rundt, seier Straumsøy.
Ho tar også med seg oppfordringa om fleire gutelag når neste års cup skal planleggast.
— Me skal prøva å få til ny cup til neste år, og det kan godt henda me får med fleire gutar då, seier Straumsøy.
Det var Ølen som vann jenter15-klassen. I jenter11 og 13 blei det ikkje kåra vinnarar.