I ingen andre kommunar i Rogaland låner folk så få bøker av folkebiblioteket som i Vindafjord, viser statistikken for gamle Vindafjord og Ølen i 2005. At nettopp Vindafjord har størst vekst i utlånet i fjor med nesten 19,5 prosent, blir mottatt med glede. Tilsvarande auke i Ølen var nesten 11 prosent, medan det totalt for heile Rogaland var ein tilbakegang i utlånet.
Motstraums
Den sterke veksten i Vindafjord er kjerringa mot straumen samanlikna med hovudtrenden i fylket.
— Det er positivt at vi figurer på topp i denne delen av statistikken. Det er ei utvikling vi håpar held fram, seier bibliotekar Ellen Eidhammer.
I fjor var ho fungerande biblioteksjef i gamle Vindafjord sitt einaste bibliotek i Sandeid. Etter samanslåinga med Ølen er Sandeid filial, medan hovudbiblioteket i Vindafjord er i tilknyting til Ølen skule.
Filialane i dei andre bygdene har blitt lagde ned i løpet av dei seks siste åra.
Jumbostatus
Vindafjord har langt frå ein ny status som jumbo i utlån per innbyggjar. Slik har det vore i mange år. Medan gamle Vindafjord hadde 3,32 utlån per innbyggjar, var gjennomsnittet i Rogaland det dobbelte (6,69). Folk i Ølen lånte i gjennomsnitt 4,17 bøker. I Suldal låner folk tre gonger så mange bøker som nabokommunen lengre nord.
— Eg har ikkje noka god forklaring på forskjellane. Men tilgang til biblioteka må vere viktig. Det gjeld både geografi og opningstider. Det kan bli store avstandar, pluss at til dømes yngre som ikkje har bil har vanskeleg for å kome til biblioteket, seier Eidhammer.
Ho er kjend med at mange i Skjold og Vats låner bøker på biblioteket i Tysvær.
— Det er ingen grunn til å tru at folk i vår kommune les færre bøker enn i andre kommunar, meiner ho.
Ungdomsavdeling
Ho meiner det er for lettvint å tru at fleire filialar automatisk vil gi så mange fleire utlån.
— Eg trur det er like viktig kva som er i biblioteket. Vi må ha eit utval og tilbod som står i stil med det folk ventar seg og har behov for. Med færre å dele på er det lettare å ha eit variert tilbod. Rammene for biblioteka er ikkje så store, og ei lydbok med Harry Potter kostar ein tusenlapp, seier ho.
Dei største lånegruppene er dei aller yngste og vaksne, medan ungdommen er ganske fråverande i det ho definerer som frivillige lån. Difor har ho store forhåpningar til ei eiga møblert ungdomsavdeling som skal stå klar i Sandeid frå årsskiftet, der innhaldet er lagt til rette for målgruppa.
— Eg trur det er viktig for biblioteka å få tak i ungdomsgruppa og få dei inn i biblioteka.
Styrkar Ølen
Ho ser ikkje vekk frå at diskusjon om framtida for biblioteka i den nye kommunen er medverkande til den store veksten i utlån i fjor. Folk kan ha slått ring om biblioteket for å vise at det er liv laga.
Biblioteksjef Any Tordis Heggebø i Vindafjord meiner at biblioteka kan vere nøgde med utlåna i fjor når ein måler omfanget mot opningstidene. Både i Ølen og Sandeid fungerer biblioteka også som skulebibliotek.
— Auken i utlån er svært gledeleg, men det er aldri kjekt å vere dårlegast i klassen. Men vi får mykje ut av dei små budsjettrammene vi har, seier Heggebø.
Dei to biblioteka har fått eit halvt årsverk ekstra samanlikna med kva dei to kommunane hadde kvar for seg, og det er no til saman to årsverk i folkebiblioteka i Vindafjord.
Sandeid går ned frå fire til tre opningsdagar, men med endra opningstider er biblioteket ope nesten like mange timar som før. Hovudbiblioteket i Ølen aukar frå tre til fire dagar og får fleire opningstimar i veka.