— Det er mange som vil prøve lukka no, stadfestar Linda Arnøy og Elin Frøkedal på Prix i Etne.
Denne veka blei det kjend kven som vann 4.7 millionar i Norsk Tipping førre veke: Det var Gunnar Selland på Østrem i Etne. Den uvanleg heldige 36-åringen har vore på jobb i Nordsjøen dei siste to vekene, og Norsk Tipping har difor ikkje greidd å spore han opp. Først då han ringde heim til mor si og fekk vite at det låg eit brev frå Norsk Tipping og venta, fall brikkene på plass.
Magekjensle
— Eg fekk sjokk, seier Selland til Haugesunds Avis.
Grannar greidde i går ikkje å få tak i lottomangemillionæren, sidan han framleis var i Nordsjøen då avisa skulle i trykken. Selland skal ha fått ei magekjensle då han las om den ukjende vinnaren frå Etne. Han hadde nemleg levert ein femvekers Vikinglottokupong før han reiste i Nordsjøen. Då mora opna brevet over telefonen, kunne ho lese at han hadde vunne svimlande 4.7 millionar kroner.
Selland blir karakterisert som ein sindig, rolig, flink og arbeidsam kar, som køyrer rundt i ein gammal Ford Sierra. Berre lovord. Bilen er det grunn til å tru han får høve til å skifte ut no, dersom det skulle freiste han.
Ungkarsfestival
Til helga har etnebuen, i følgje Haugesunds Avis, planar om å reise til Ungkarsfestivalen i Suldal. Der kan han kome til å bli ein ettertrakta ungkar.
— Kjekt!
Det er den spontane reaksjonen frå dei tilsette på Prix, etter at dei fekk vite kven vinnaren er. I følgje Arnøy hadde dei mistanke på førehand om at det kunne vere Selland. Grubling den siste veka over kven den mystiske lottovinnaren kunne vere, fekk mange i bygda til å konkludere med at det måtte vere ein som jobba i Nordsjøen. Og ganske rett. Seint på dagen i går kunne nordsjøarbeidaren kome heim til både ein langt fyldigare konto og nydeleg sommarvêr. Truleg ingen dårleg dag.
Jubla
Det var jubel på Prix i Etne då Norsk Tipping ringte førre veke og fortalde om gevinsten.
— Stor stas, seier Elin Frøkedal bak eit breitt glis.
Dei tilsette hengde straks opp plakatar og tok på seg genserar som fortalde om gevinsten. Det har freista mange til å prøve lukka. Mellom anna har dei merka at fleire turistar har levert kupongar.
— Det viser at det er mogleg her òg, seier Arnøy, og legg til at det berre er to år sidan ein annan av kundane deira fekk ein Jokergevinst på 2.3 millionar kroner.
— Alle gode ting er tre. I dag er det 30 millionar i gevinst i Vikinglotto, sluttar ho, og røper at ho framleis trur på under i Etne.
Gliser over millionbutikken
— Det er mange som vil prøve lukka no, stadfestar Linda Arnøy og Elin Frøkedal […]