God innsats på Hovden

— Eg er veldig godt fornøgd. Eg tok inn ein del på slutten av løpet, […]

— Eg er veldig godt fornøgd. Eg tok inn ein del på slutten av løpet, og var veldig sliten når eg kom i mål. Eg kunne ikkje klart å gjera noko betre. Det er det beste eg har gjort i år. Eg vann eit Noregscuprenn i fri teknikk i fjor, men i år har formen vore veldig opp og ned, så eg er godt fornøgd med ein 6. plass, seier Thomas Vestbø.
I 10 kilometer klassisk på laurdag gjekk Vestbø inn til ein 20. plass.
— Eg er eigentleg nøgd med det. Det var veldig tett om plassane, seier han.
Thomas Vestbø har slitt med mykje sjukdom i år, og gler seg over at helsa no er bra att.
— Eg vonar at formen held seg til finalen i Noregscupen på palmesøndag, seier han.

Best på klassisk
Chris Jespersen gjorde eit flott renn i seniorklassen på laurdag.
— 6. plassen eg fekk på 10 kilometer klassisk på laurdag er det beste klassiske resultatet eg nokon gong har oppnådd. Eg hadde krefter att når eg kom i mål, og då er det litt bittert at eg ikkje starta innspurten litt tidlegare, i og med at det ikkje var mange sekundane opp til pallen, seier Chris Jespersen.
Til trass for eit bra resultat på laurdag, er det ikkje ein hoppande glad Chris Jespersen, Grannar snakkar med på søndag. Grunnen er at han måtte bryta favorittdistansen 15 kilometer fri teknikk.
— Det var liksom i det løpet eg skulle slå til, og når eg ikkje maktar det, blir eg veldig skuffa. Grunnen til at eg måtte bryta er at eg har noko som har sett seg fast i bringa mi, eg klarte rett og slett ikkje å pusta i dei brattaste bakkane. Det har vore slik sidan juletider, og eg mistenker at det kan vera astma. Min teori på at eg klarar å gå eit klassisk bra løp, med dette problemet, er at eg ikkje treng så mykje oksygen i klassisk som i fri teknikk. Eg skal prøva å få tatt ein astmatest denne veka, seier ein mellomnøgd Chris Jespersen.

Heim til mor
Sidan alle hans største konkurrentar var i junior –VM, låg alt til rette for at Bjørnar Larsen skulle nå heilt til topps på Hovden. Slik gjekk det ikkje. På laurdag gjekk han inn til ein 3. plass på 10 kilometer klassisk, og på søndagens 15 kilometer fri teknikk måtte han bryta etter seks kilometer.
— Etter forholda så er eg nøgd. Eg er ikkje frisk. Nå er eg på veg heim til mors kjøttkaker i Sandeid, med eit eller anna virus i kroppen. Eg skal ta meg ein tur til legen, men tvilar sterkt på at det er noko dramatisk, seier Bjørnar Larsen.