— Vi kan kjøpe mykje Labb frå Felleskjøpet for desse pengane. Vi har pengar til kosten for han no, seier hundeeigar Hans Næss i Skjold.
Hunden hans Hector Haganes er nemleg heldig vinnar i Returkartonglotteriet.
— Eg er ungkar og har ikkje ungar å setje lodd på. Difor kjøper eg alltid lodd på hunden, både på basar og lotteri. Han har flaks han, fortel 77-åringen på Haganes.
Detektiv
Hector Haganes, 5574 Skjold, står det på mjølkekartongane han leverer i retur til miljøverket. Tidlegare stod det Tanja og Hector, men etter at hundemora døydde, vart det berre Hector Haganes.
Då Veolia Miljø på Torvastad trekte ut kartongkubben, var adressa grei, men det var verre å finne personen Hector Haganes.
— Det var ikkje så enkelt, men gjennom lokalkunnskap fann vi ut at plassen heiter Haganes. Eg ringte til Hans Næss og spurte om det budde ein Hector Haganes i huset, fortel Evy Lærdal i Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM).
— Jo, det stemmer det, men han er dårleg til å snakke i telefonen, var det knappe svaret til Hans Næss.
Men spøkefuglen avslørte til slutt at Hector Haganes er hunden i huset.
Fantastisk hund
— Det er ikkje første gongen han har vunne noko. Eg trur han har større flaks enn eg har. Dessutan er det ein fantastisk hund, seier Næss om border collien som ter seg svært så smålåten. Den ti år gamle hunden helsar høfleg før han tek eit steg i bakgrunnen. Der vil han helst vere når han eigentleg skal posere på bilde.
— Han gøyr aldri på folk. Berre når det bankar på døra heime. Han startar ikkje å ete før han får signal, og han takkar for maten. Seier eg han skal gå til traktoren, så gjer han det. Det rare er at eg aldri har lært han til det, seier sauebonden som har fått seg gardsbestyrar og er i ferd med å trappe ned.
— Eg har alltid tatt lodd på dyr. Eg hugsar på basarar då eg budde Haugesund som liten, då tok eg lodd på katten.
Sau og skipsmekling
Familien kjøpte seg gard i Skjold i 1942, og flytte frå Haugesund for å vere sikra mat i krigsåra. I ettertid utdanna Hans Næss seg til skipsmeklar i London, og arbeidde i mange år i bransjen. Sauebonde har han vore i 50 år.
Det er ikkje tilfeldig at han er ein ivrig leverandør av returkartongar. Han var tidlegare aktiv i Junior Chambers International med miljøspørsmål som hovudinteresse.
— Vi har ikkje noko anna alternativ. Gjenvinning er viktig, seier Hans Næss.
Evy Lærdal i HIM vil gjerne ha formalitetane i orden slik at Hector Haganes kan få sine ti tusenlappar.
— Eg får skrive under på papira. Hector er ikkje myndig enno, seier hundeigaren.