God potetsesong

— Fjoråret var eit dårleg år, men i år ser det veldig bra ut, både […]

— Fjoråret var eit dårleg år, men i år ser det veldig bra ut, både med omsyn til kvalitet og mengde, stadfestar ein nøgd Aakra.
Han er i gang med å få Kerrs Pink-potetene opp av den 50 dekar store åkeren sin. Dei gode veksttilhøva forklarer han med mykje nedbør og lang vekstsesong, i tillegg til at jorda hans er lett.
— Potetene har vakse seint og fått røta seg godt i år, opplyser han.
Ved sidan av potetdyrking er det svineproduksjon som er hovudnæringa til Aakra, og han driv også med noko sal av gras og leigekøyring under slåtten. Potetbonden kjenner ikkje til andre bønder her i distriktet som dyrkar så mykje som han.
— Dei fleste bønder kjøper potetene no, fortel han.
Sjølv sel han mest privat, med sjølvbetening på eige tun. Ein del poteter går i tillegg til hotell og kafear.
— No tar me berre opp etterkvart som me sel. Hovudopptaket er i september, seier han.