Blueslunch har i fleire år vore staden der ein samlar krefter etter forrige kvelds storkonsertar. Stemninga vert også lett prega av dette, her er plassen der ein kan lene seg tilbake med noko godt å drikke, medan gode artistar får utfalde seg i eit litt mindre format enn bluesteltet kan tilby. At veret denne fredagen ikkje var frå beste side såg ikkje ut til å bry publikumet nemneverdig, det vart snarare til at ein trakk lenger inn mot scena, noko som berre gjorde konserten enda meir intim. Med gode og varierte artistnamn var det også noko å like for dei fleste, frå leiken og virtuos musisering frå Frogner Tennisklubb, til meir naken folk-blues frå The Pretty Things.
Veret har derimot fint lite å seie når ein litt seinare på kvelden kunne flytte inn i det enorme bluesteltet. Etter torsdagens rockekonsert var det tid for meir bluesprega program denne kvelden. Dette let seg også merke på snittalderen, som var noko høgare enn på torsdag, utan at ein dermed kunne merke det på stemninga. Det store trekkplasteret The Blues Brothers var tilbake i Skånevik etter braksuksessen i 2003. Og med nokre av dei beste musikarane i sin sjanger oppviste dei ein kombinasjon av teknisk briljans og publikumstekke utover det vanlege.
Det vert rapportert om at det var i overkant av 3000 menneske i teltet fredag kveld, og med liknande besøkstal torsdag er festivalen på god veg mot å bryte den magiske grensa på 10.000 konsertgjengarar. Med to av dei store hovudattraksjonane på plass laurdag kveld ligg alle føresetnader til rette for at det passande nok kan skje i jubileumsåret.