Løpet som starta under den store joggebølga klarar også å dra til seg trekkplaster med stjernestatus, men det er ikkje forklaringa på kvifor løpet er blitt så populært. Løpet er ikkje minst blitt eit arrangement der heile familien kan vera med og gjera noko saman. Her ligg eit viktig kriterium for å få suksess.Eit anna er alle dei lokale kreftene som står på år etter år for å dra arrangementet i hamn. Det står det stor respekt av. Heldigvis er det slik, kanskje spesielt i små bygder, at innbyggjarane er med og drar lasset saman og framleis jobbar dugnad fordi det er naturleg at alle tek eit tak når noko skjer.
Personane bak Ølmedal Rundt har all grunn til å vera stolte over det dei skapar år etter år. I tillegg til at det skapar samhald og engasjement blant innbyggjarane, er løpet også viktig på andre måtar som kanskje ikkje synest igjen på same måte.I Noreg blir fleire og fleire personar overvektige. Dette er eit helseproblem som veks for kvart år, og altfor mange av oss blir sitjande meir i ro jo eldre me vert. Mosjons- og turløp som Ølmedal Rundt er med på å stimulera til auka fysisk aktivitet. Løpet er dermed også svært viktig som ei motvekt til eit aukande helseproblem.
Overvekt som helseproblem må me ta enda meir på alvor. Mosjon, saman med kosthald, er to svært viktige ingrediensar til eit friskt liv. Heldigvis vert fleire opptekne av nettopp dette, men det er framleis eit stykke veg å gå for mange av oss.Sesongen me no går inn i er høgsesong for ulike tur- og mosjonsløp. Denne helga blir til dømes Langs Åkrafjorden, Postvegmarsjen og Etne Sykkelfestival arrangert. Også dette er arrangement som får folk opp av TV-stolen og ut i naturen. Difor er det all grunn til å oppmoda til deltaking også her.