Ein ville vore eit godt stykke på veg om det vert til Mo Bru i første omgang, eller til krysset ved Litledalsvegen.
Men det «Bysteglade» kommunestyret bør òg arbeida for ein opprusting av vegen frå Enge til Skånevik, ikkje berre der til, men heilt til Tungesvik med gang/sykkelveg til Nesvåg. Denne vegstubben til Nesvåg/Tungesvik er den mest trafikkfarlege vegstubben me har i kommunen. Dette er utbetring som må koma sjølv om det arbeidast for ein tunnel som er langt fram i tid.
Eit anna prosjekt, som er eit problem kommunen nå bør ta på alvor, er avkjørsla til og frå Gjerdsvegen. Ved kyrkjelege handlingar er parkeringa ofte så tett at skulle det verta nødvendig med brann- eller ambulansekjøretøy, vil ein få vanskar med å koma fram. Denne vegen er privat veg for gardane i Gjerde, men i reguleringsplanen er ein del av denne vegen med og det var til hinder for det siste jordskifte over vegane for Gjerde.
Der har vore prøvt å få ordna med regulering, men både kommune, lensmann og vegvesen har vore like negative. Der må vel skje noko alvorleg før noko vert gjort. Den einaste som har svara at dette skulle han ordna opp i for eit par år si må vel ha duppa av «mellom bystene». Det hadde kanskje hjelpt med litt «Skakkebrød med Skakkesaft» til. Håpar han vil rå utor og ta med seg sine medsamansvorne å gjera noko med desse tankar som her nemnt.
Håpet er eit resultat i det nye året.
Torleif Børve