Gode tider for verftsindustrien

Neste månad byrjar det nybygde anlegget på Raunes i Vats å ta i mot stålet […]

Neste månad byrjar det nybygde anlegget på Raunes i Vats å ta i mot stålet frå Nordsjøen.
— Me byrjar på Ekofisk-tanken 1. juli. I første omgang kjem folk til å reise ut i Nordsjøen, og 20. juli ventar me første konteinar inn til Raunes, fortel Sigbjørn Skjørholm, leiar for AF Decom sitt anlegg på Raunes.

Nye arbeidarar
Sjølve strukturane på Ekofisk-tanken vil bli rivne offshore. Miljøfarleg avfall blir også fjerna der, før konstruksjonane fraktast til land. Dei første konteinarane vil komme med supplybåt til Tananger, og gå med bil derfrå til Raunes. Frå om lag 1. august skal ein supplybåt gå fast mellom Nordsjøen og Raunes. Båten vil komme to gonger i veka med Ekofisk-stål.
AF Decom tilsette to nye medarbeidarar ved det nybygde anlegget på Raunes denne veka. Innan året er omme, reknar Skjørholm med at dei vil vere omtrent 15 i arbeid på Raunes.
— Me brukar lokal arbeidskraft så langt som mogleg, påpeikar anleggsleiaren.

Utvidar
Selskapet håpar på å få nye kontraktar i nærmaste framtid, og ein utvidingsplan for anlegget på Raunes skal handsamast av kommunestyret i Vindafjord neste veke. Mellom anna er målet å få bygd ein djupvasskai. Skjørholm forklarer at det vil bli aktuelt å ta inn heile modular ved andre prosjekt, og selskapet treng såleis meir plass på Raunes.
— Me håpar å byrje med utvidingsarbeidet i sommar eller haust, seier han.
24.000 tonn stål frå Ekofisk-tanken skal i løpet av dei neste to åra finhoggast på anlegget på Raunes. Målet er at 98 prosent av dette skal resirkulerast for gjenbruk.